Dagleg leiar Olav A. Veum i Vest-Telemark næringsforum ser E134 som særs viktig, men også at ein får retta på dei elendige fylkesvegane. (Arkivfoto)
Dagleg leiar Olav A. Veum i Vest-Telemark næringsforum ser E134 som særs viktig, men også at ein får retta på dei elendige fylkesvegane. (Arkivfoto)

Prioriterer E134 og vintersikker fjellveg

Årsmøtet til Vest-Telemark næringsforum er samde om vegsatsinga framover: E134 som hovudveg mellom aust og vest, strekninga over Haukelifjell må bli vintersikker, oppgradere Rv41 og Rv36 og få orden på fylkesvegnettet.

I samband med årsmøtet til Vest-Telemark næringsforum (VTNF) blei det også halde eit stort vegmøte. I tillegg til representantar frå næringslivet i regionen møtte mellom anna fylkesordføraren og vegsjefen i Telemark.

På møtet fekk dei frammøtte kome med innspel om kva satsingar innan samferdsel som blir viktige framover i Vest-Telemark. Konklusjonen er den same som hos Vegvesenet og fylkeskommunen; E134.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ny tunelløysing med vintersikker veg over Haukelifjell er viktigast, og europavegen må ha ein god standard. Like viktig er det at ein får landa E134 som hovudferdselsåre mellom aust og vest. Og me er opptekne av at det blir satsa på ein arm frå Odda til Bergen, seier dagleg leiar Olav A. Veum i VTNF.

Tilførselsvegane

Om E134 skal gå via Seljord eller på ny veg gjennom Rauland, vil ikkje VTNF seie noko om før konseptvalutgreiinga er lagt fram. Men foreininga ser det som viktig at eksisterande tilførselsvegar til E134 blir oppgraderte. Då tenkjer ein på Rv36 og Rv41.

– Me er veldig nøgd med at Rv41 ligg inne i forslaget Vegvesenet har for ny Nasjonal transportplan, seier Veum.

Vegvesenet føreslår 270 millionar kroner til Vrådal–Treungen og 220 millionar kroner for å utbetre Søre Herefoss–Hynnekleiv på stamvegen. Men den halve milliarden er avhengig av at Stortinget løyver ein svært høg totalsum til samferdsel i landet.

– Stortinget må ta ansvar

– Ein må ikkje gløyme fylkesvegnettet, som for næringslivet i Vest-Telemark er vel så viktige som riksvegane. Me har framleis bruer med for låg vekt, kurvatur og svingar der ein ikkje kjem fram. Og det er mykje elendig asfalt. Forfallet på fylkesvegnettet aukar. Me må ha søkjeljos på å ta att etterslepet, seier Veum.

Om ein i det heile klarer å ordne opp i etterslepet står att å sjå. Etterslepet på fylkesvegane i Telemark er rekna til heile tre milliardar kroner i tider der ein pengesvak fylkeskommune får småpengar av Stortinget for å rette på vegstoda. Vidare er det no kjent at nye krav til tryggleik i fylkesvegtunellane vil koste minst 130 millionar kroner.

– Det er ikkje fylkeskommunen sitt ansvar å ordne opp i fylkesvegnettet. Det burde Stortinget gjort før dei overleverte vegnettet til fylkeskommunen. Stortinget må ta ansvar for å auke rammene til fylkeskommunen, seier Veum.

Pilot

Veum legg elles til at på møtet til VTNF var næringslivet opptekne av at Vegvesenet må vere med slik at ein får bruke det lokale næringslivet i arbeidet med nye vegprosjekt som kjem i Vest-Telemark. Ei slik løysing må vere basert på konkurranse, slik reglane er.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Entreprenørjobbane er ein ting, men det er mykje anna som skal gjerast i samband med vegprosjekt. La Vest-Telemark bli ein pilot på at verdiane kan bli att i regionen. Det vil gje mange arbeidsplassar, og kanskje nysatsinga kan fange opp vesttelar som blir råka av nedgangen i oljebransjen. Kanskje fleire entreprenørar i regionen kan slå seg saman for å leggje inn anbod på vegjobbar, undrar Veum rundt nytenkinga om å vere pilot.

Klarer ikkje etterslepet

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) innleia vegmøtet med å seie ein skal ha eit effektivt, trygt og godt vegnett i heile Telemark.

– God samferdselspolitikk er god næringspolitikk, sa han.

Så nemnte Løkslid etterslepet på heile tre milliardar kroner på fylkesvegnettet. For å fjerne etterslepet over ein 15-årsperiode vil det seie at fylkeskommunen må få 200 millionar ekstra vegkroner av Stortinget kvart år i den tida.

– Statsbudsjettet styrer dette, for fylkeskommunen klarer ikkje å ta att etterslepet, sa fylkesordføraren.

Elles sa han at det no før konseptvalutgreiinga om eventuell ny E134-trasé via Rauland er ferdig, er det lov å vere ueinige i saka. Deretter meinte fylkesordføraren at det er veldig viktig å stå samla.

– Å prioritere knallhardt på vegprosjekt er brutalt, men skal me få gjennomslag må me gjere det, avslutta Løkslid.

Bekymra

Avdelingsdirektør Kjell Solheim i Vegvesenet Telemark sa at han, som Løkslid, er bekymra for fylkesvegane. Vidare påpeika Solheim at om det skal bli nokon fart innan samferdsel framover, må Stortinget løyve høgste ramma som ligg blant forslaga til ny Nasjonal transportplan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles syntest Solheim at Rv41 hadde kome godt fram i forslaget frå Vegvesenet.

– Men det gjenstår at riksvegen får desse pengane, sa han om summen på ein halv milliard kroner.