Fylkesveg 38 mellom Åmot og Dalen har ein kritikkverdig standard. Mange svingar og smal vegbane gjer vegen ulykkesbelasta. Vest-Telemarkrådet prioriterer utbetring av vegen.
Fylkesveg 38 mellom Åmot og Dalen har ein kritikkverdig standard. Mange svingar og smal vegbane gjer vegen ulykkesbelasta. Vest-Telemarkrådet prioriterer utbetring av vegen.

Prioriterer to fylkesvegar

Vest-Telemarkrådet (VTR) prioriterer opprusting fylkesveg 38 mellom Åmot og Dalen og fylkesveg 355 mellom Tjønnefoss og Krossli. Det er regional semje om å setje desse vegstrekningane øvst i kampen om fylkeskommunale vegmillionar. Rådet meiner det er ein betre strategi å fronte to prosjekt enn ei omfattande ynskjeliste. Mest alle vegane i Vest-Telemark skrik etter utbetringar og vedlikehald. Utanom E 134, rv 36 og rv 41, som er statens ansvar, er fylkeskommunen den store vegeigaren. Fylkesrådmann Rolf Helge Grønås understreka i VTR at vegbudsjettet er avgrensa.

Fylkesvegen mellom Åmot og Dalen er smal og svingete. Standaren er kritikkverdig og der skjer jamlege kollisjonar mellom møtande bilar. Her trengst det omfattande arbeid med både kurvatur og breidde for å oppnå ordentleg standard.

Når det gjeld fylkesvegen mellom Tjønnefoss og Krossli ynskjer ein nytt asfaltdekke i fyrste omgang. Ordførar Bjørn Nome (Sp) peikte i VTR på at fylkesveg 355 er vere eller ikkje vere for Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Difor er det viktig at VTR signaliserer til Vegvesenet at denne strekninga må få høgste prioritet. I bygda har me ei verksemd som køyrer 90 vogntog i veka på fylkesveg 355. Vegstandarden gjer at det er i ferd med å verte eit problem for næringslivet i kommunen, sa Bjørn Nome.

Børge Skårdal i Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNU) meinte VTR må avgjere om det vidare arbeidet knytt til fylkesvegane skal skje i fellesskap i regionen eller om kvar kommune skal kjempe for sin vegstump.

– Eg trur det er viktig for det vidare arbeidet at me i Vest-Telemark kan syne til ein tydeleg strategi bak prioriteringane våre, sa Skårdal.

Tokke-ordførar Olav Urbø (Sp) var samd i strategien Skårdal inviterte til.

– I arbeidet med fylkesvegane må prinsippet vere semje i regionen, og at me frontar dei prioriterte vegane over tid, sa Urbø.

Same pengepott

Fylkesrådmann Rolf Helge Grønås nemnde at frå nyttår er fylkesvegnettet på om lag 1.900 kilometer. Det er den same potten med pengar ein vil ha til disposisjon til både dei nye og dei gamle fylkesvegane. Etter at riksvegane har vorte fylkesvegar, med unntak av rv 41, får fylkesvegane mykje større tyding for stamvegnettet i Telemark enn tidlegare.

– Det er viktig at fylkeskommunen vert kopla på alle vegprosessar. Eg varslar ein klar vilje frå fylkeskommunen om å kjempe for regionale prioriteringar. Fylkestinget er prioriteringsinstansen. Me kjem no til å starte arbeidet med ein regional transportplan, og fylkesrådmannen er også med i prosessen rundt Nasjonal Transportplan (NTP), så Grønås.

Riksveg 41

Elles vart det opplyst i VTR at innan sommaren skal det vere klar ei liste over nødvendige utbetringar på rv 41 frå Kristiansand til Brunkeberg. Børge Skårdal og Sveinung Seljås, plansjef i Nissedal og Kviteseid, er med i ei arbeidsgruppe. Dei to skal arbeide med strekninga mellom Haugsjåsund og Brunkeberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei viktig avklaring på den nye stamvegen vert om ein skal satse på fleire mindre utbetringar av rv 41 eller satse på lange strekningar, fortalde Skårdal.

Elles vart det nedsett ei arbeidsgruppe som skal fylgje med på at framdrifta for tunnelen mellom Århus og Gvammen på E 134 skjer i tråd med gjeldande NTP. Ordførar Olav Tho, Hjartdal, ordførar Solveig S. Abrahamsen, Seljord, rådmann Per Dehli, Seljord, fylkesvaraordførar Lars Bjaadal og Børge Skårdal frå VTNU er gruppas medlemmar.

I løpet av april skal det liggje føre ei skisse for kva som må gjerast av utbetringar på E 134 frå Åmot og vestover. Strekninga er den verste flaskehalsen utanom Røldal på E 134.

E 134 rundt Åmot

– Det trengst også ei avklaring på kva side av Vinjevatn europavegen skal gå i framtida. Vidare hastar det også med ei avklaring om E 134 framleis skal gå gjennom Åmot sentrum eller leggjast utanom kommunesenteret. Trafikken på E 134 er altfor stor til at dagens trasé gjennom Åmot er framtidsretta, meinte Skårdal.

Han opplyste at Vegvesenet no er i gang med å sjå på ei mogleg løysing for E 134 på austsida av Åmot.

Ordførar Arne Vinje seier i ein kommentar til VTB at det er eit veldig krevjande spørsmål å ta stilling til om E 134 skal gå utanom Åmot sentrum eller ikkje.

– Me ynskjer at kommunesenteret skal ha best moglege vekstvilkår i framtida. No får me avvente dei ulike traséalternativa fyrst, meiner Vinje-ordføraren.

VTR vedtok også å slutte seg til framlegget om etablering av eit bompengeselskap for delfinansiering av nye tunnelar over Haukelifjell. Rådet bad om at dette arbeidet skjer raskt.