Prisen for eit kulturhus

Leiar

– Å få kultur til å løne seg i kroner og øre er ikkje enkelt, sjølv med stabilt publikumsframmøte, sa Nils Gjerde, kulturhusleiar i Tokke, til VTB i førre veke.

Kulturhuset på Dalen fekk ein frisk start då det stod ferdig. Eigen kulturhusleiar sette i verk mykje aktivitet. Men etter kvart skranta økonomien. Det var ikkje lenger plass til ein dagleg leiar. Det førde naturleg nok til lågare aktivitet. Heilt til Nils Gjerde blei plassert i den stolen. Til VTB seier han seg godt nøgd med aktiviteten og tilboda til publikum i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Seljord har dei Granvin kulturhus. Bygt i eit spleiselag der ungdomslaget gjekk inn med huset sitt, som er grunnstamma i dagens kulturhus. Idrettslaget spytta inn ein tredjedel, og kommunen skøytte til den siste tredjedelen i lutlaget.

I tillegg til tre eigarar, blei det gjort ein stor dugnadsinnsats frå lagsmedlemmer, enkeltpersonar og næringsliv for å byggje huset.

Men ein ting er å reise det. Noko anna er dei «lange» pengane – drifta. Gjennom åra har økonomien hangla seg gjennom så nokolunde. Men i haust har styret sendt eit alvorleg signal til eigarane: I 2012 var driftsunderskotet på 300 000 kroner. Utsiktene for i år er endå verre; 400 000 i slutten av september ...

Reduserte kostnadar og auka husleige er noko av «redningsplanken» kulturhuset sjølv skisserer. Og i tillegg ei bøn til kommunen om meir i driftstilskot.

– Me kan ikkje gamble med Granvin. Kultur kostar. Granvin er frykteleg viktig for bygda, uttala Ap-representant Trond Johnsen då formannskapet drøfta kulturhuset sist veke. Søknaden frå Granvin var eit ekstra tilskot på 200 000 kroner i år. Vidare legg kommunen inn ein auke i husleige på 20 prosent, og 150 000 i auka tilskot neste år. Det betyr at kommunens husleige og tilskot aukar med 400 000 kroner neste år.

I fylgje styreleiar Halfdan Haugan har dei andre eigarane, ungdomslaget og idrettslaget, akseptert husleigeauken på 20 prosent. Ein snartur innom Granvin, nesten når som helst på dagen og kvelden, viser at aktiviteten i huset er stor. Huset har blitt det det bør vera, ein samlingsstad for mange i ulike aldrar. Utfordringa er at all aktiviteten kastar lite av seg i pengar.

Denne saka handlar om at kultur kostar, men løner seg lite rekna i kroner og øre. Seljord kommune har kome rimeleg til med kulturhus, samanlikna med der kommunane sjølve står fullt og heilt for bygging og drift. Og Seljord har eit «levande» hus. Det er det verdt å setja pris på – om prisen blir høgare. Også for brukarane. Ein får bare håpe at brukarane ikkje blir skremt på dør av høgare prisar.

Om kultur kostar – men har ein verdi utover det som let seg måle i kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne saka handlar om at kultur kostar, men løner seg lite rekna i kroner og øre.