Prosti kan bli samanslegne

Asgeir Sele, som er prost i Aust-Telemark, er no også fungerande prost i Vest-Telemark. Dette skjer i sambande med at prost i Vest-Telemark, Øyvind Jørgensen, vil pensjonere seg til våren og dermed ha ei nedtrappingstid frå hausten og fram til avgang. Det melder Helg og Høgtid, kyrkjelydsbladet for Seljord, Åmotsdal og Flatdal. Kan hende blir dette ei permanent ordning.

– Bispedømet har sett i gang eit utgreiingsarbeid, der eitt av punkta dei vil ha utgreidd er samanslåing av dei to prostia, skriv Sele.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det går også fram av meldinga at Jørgensen fram til avgang held fram som prostiprest og som sokneprest i Tokke.