Dorthe Huitfeldt er leiar i styret for Samarbeidsorganet for fjellstyra på Hardangervidda. Styret er sterkt provosert av at DN har sett det lokale forvaltarorganet til sides.
Dorthe Huitfeldt er leiar i styret for Samarbeidsorganet for fjellstyra på Hardangervidda. Styret er sterkt provosert av at DN har sett det lokale forvaltarorganet til sides.

Provosert fjellstyre opnar for jakt

Styret i Samarbeidsorganet for fjellstyra på Hardangervidda (SfH) føler seg sterkt provosert av Direktoratet for naturforvaltning (DN), som i eit brev til SfH slår fast at fjellstyra ikkje kan avgjera om det skal bli jakta rein på Hardangervidda når DN har fastsett ein kvote. Det må vera opp til kvar enkelt jeger, skriv DN. – Styret for SfH er sterkt provosert av den haldninga, manglande kunnskap og klokskap DN har utvist i denne saka, uttalar styret. Leiar Dorthe Huitfeldt opplyser at styret ser seg tvinga til å stille kvotane i statsallmenningane til rådvelde for jegerane.

DN fastsette ein jaktkvote på tusen dyr på Hardangervidda i haust, men la vekt på at retten til jakt ikkje tyder plikt til å jakte på den fastsette kvoten. Dei som ikkje ønskjer å jakte på sin del av kvoten kan avstå.

Denne formuleringa gjorde at fjellstyra tolka vedtaket som om det er opp til fjellstyra å tilby jakt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje opp til fjellstyra

I eit brev til fjellstyra slår DN fast at dette er ei feiltolking, både ut frå vedtaket i DN, ut frå fjellova og førearbeida til lova, og ut frå langvarig praktisering av fjellovas reglar om einerett for innanbygdsbuande til å utøve jakt på villrein i statsallmenning.

Det er dei som bur i bygda som har jaktretten i statsallmenningane. Fjellstyra administrerar jakta på vegne av dei som har retten, meiner DN.

– Fjellstyra på Hardangervidda har ikkje lovleg grunn til å lata vera å tilby ein fastsett kvote til dei aktuelle rettshavarane. Fjellstyra må stille sin del av lovleg fastsett kvote til rådvelde for innanbygdsbuande jegerar. Den enkelte jeger må vurdere om han vil bruke retten til å jakte eller ikkje, konkluderer DN.

Sterkt provosert

Styret i Samarbeidsorganet for fjellstyra på Hardangervidda (SfH) var fredag samla til møte i Eidfjord for å drøfte korleis dei skulle stille seg til avgjerda frå DN.

– Styret er sterkt provosert av den haldninga, manglande kunnskap og klokskap DN har utvist i denne saka, uttalar styret.

Med bakgrunn i uttala frå DN ser fjellstyra seg tvinga til å stille sine delar av fastsett jaktkvote til rådvelde for innanbygdsbuande jegerar. Men oppfordrar den einskilde jeger til å vurdere om han vil bruke retten til å jakte eller ikkje.

Jakt i 14 dagar

Styret i SfH viser til Fjellova, forskrift om jakt og fangsttider og gjeldande rammer, og oppmodar alle fjellstyra på Hardangervidda om å avgrense jakttida til 14 dagar, frå 26.08. til 08.09.03.

– Me føler oss overkøyrde av DN, kommenterer Dorthe Huitfeldt, styreleiar i SfH. Ho viser til at DN påpeikar at jegerar som eventuelt vel å jakte, må halde seg innanfor dei ordinære reglane om jakttid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ut frå det DN skriv her, er me fråtekne alt forvaltaransvar, seier Huitfeldt. Ho opplyser at styret fredag vedtok å vere pådrivar for at DN skal handsame det lokale forvaltningsapparatet med den respekt det fortener.

Tilstrekkeleg regulert

Sjef for viltseksjonen i DN, Terje Bø, opplyser at DN i denne omgang ikkje har uttala seg om jakttid.

– Me meiner dei ordinære reglane i hjorteviltforskrifta og jakttidsforskrifta er tilstrekkelege. Fjellstyra kan, i samråd med viltnemndene, endre jakttida dersom dei meiner det er legitim grunn til det. Legitim grunn kan vera at dyra skal ha fred i ein bestemt periode, til dømes i samband med trekk, forklarar Bø.

Dersom viltnemnda og fjellstyret ikkje blir samde, er det DN som har det endelege ordet, opplyser han.

Han vil ikkje vurdere om det vil vera legitimt å redusere jakttida for å felle færre dyr.

– Til vanleg blir flest dyr felt tidleg i jakta. Å redusere jakttida for å redusere talet på felte dyr vil difor ha lite for seg, meiner Bø.