Kommunalsjef for helse og omsorg, Rolf Henning Jensen, seier Seljord kommunen må få betre rutinar og skal nå ta tak i tilsynsrapporten kommunen har fått seks avvik på innan tenester til personar med utviklingshemming.
Kommunalsjef for helse og omsorg, Rolf Henning Jensen, seier Seljord kommunen må få betre rutinar og skal nå ta tak i tilsynsrapporten kommunen har fått seks avvik på innan tenester til personar med utviklingshemming.

Psykisk utviklingshemma får ikkje den tenesta dei har krav på

– Me må få betre rutinar. Det er ynskjeleg å gjennomføre ein total gjennomgang av tenester til personar med utviklingshemming nå, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Seljord, Rolf Henning Jensen.

Fylkesmannen i Telemark kom i førre veke med ein førebels rapport frå tilsyn med tenester til personar med utviklingshemming i Seljord kommune.

I tilsynet undersøkte fylkesmannen om kommunen sikrar at personar over 18 år med utviklingshemming, som bur i eigen bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester. Dette betyr at dei får dei tenestene dei har rett på, og at hjelpa som blir gjeve, dekkjer behovet til den enkelte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føremålet med tilsynet var å undersøkje korleis kommunen planlegg og gjennomfører tenestene personleg assistanse, som er praktisk hjelp og opplæring, og helseoppfølging.

Ikkje følgd opp

Fleire av avvika viser til at det er manglande rutinar, og mykje informasjon om brukarane finst i papirform i diverse permar, ikkje i det digitale journalsystemet Profil, som dei tilsette skal nytte.

Det blir i tilsynet også vist til arbeidsmiljøkonfliktar som har gått ut over brukarane. Det blir underbygd av tilbakemeldingar frå pårørande. I fylgje fylkesmannen er det sett i verk tiltak for å betre situasjonen.

Vil ta tak

Kommunalsjef for helse og omsorg, Rolf Henning Jensen, orienterte formannskapet om tilsynssaka førre veke og la vekt på at dette var noko kommunen skulle ta tak i.

– Me må få betre rutinar, og det burde me få til med dei ressursane me har, seier han.

Spørsmål om dagens bemanning i sektoren blei løfta fram.

– Ligg Seljord på likt nivå som i andre kommunar, spurde formannskapet.

– Det kan eg ikkje svare direkte på, men eg føler me har ei bemanning som er rimeleg grei ut frå kva som er vanleg. Og eg trur me kan organisere ein del opplæring innanfor journalføring internt. Men me må gjere noko med kompetansebygging. Det er ynskjeleg å ha ein total gjennomgang nå, svara kommunalsjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dessverre viser rapporten at me har ein del å jobbe med. Eg har ei audmjuk tilnærming til tilsyn. Avvik er ikkje hyggeleg sjølvsagt, men det gjer det mogleg å jobbe systematisk for å bli betre. Og den moglegheita skal me sjølvsagt ta tak i når me har fått så klare føringar på ting som ikkje er som det skal. Til vårt forsvar så legg fylkesmannen lista veldig høgt, kommenterte kommunalsjefen.

Kommunalsjefen forklara at kommunen har frist til 6. januar om å gje fylkesmannen tilbakemeldingar på rapporten. 2-3 veker etter dette kjem den endelege rapporten, og då vil kommunen få oversikt over kva fylkesmannen meiner dei må gjennomføre.

Tidlegare har VTB omtala at tilsynet gav 5 avvik i Vinje kommune.

 

Fylkesmannens avvik etter tilsynet

Det blei registrert seks avvik ved tilsynet. Desse avvika seier at Seljord kommune ikkje sikrar forsvarleg styring og leiing av tenester til psykisk utviklingshemma, dei sikrar ikkje at journalane inneheld relevante og naudsynte opplysningar om brukar, helsehjelp og kva som er naudsynt for å yte forsvarleg helsehjelp. Eller at dei tilsette har naudsynt kompetanse, og får naudsynt opplæring og rettleiing til å ivareta oppgåvene sine på ein forsvarleg måte. Kommunen har heller ikkje eit system som sikrar at samtykkekompetansen blir vurdert og at brukarmedverknad blir ivareteke for brukarane.

Fylkesmannen peiker til sist på at kommunen ikkje sikrar at brukarane får den hjelpen dei har fått i vedtak om personleg assistanse, det blir ikkje gjort individuelle vurderingar av behovet til brukarane og kommunen sikrar ikkje at brukarane blir følgd opp på ein forsvarleg måte etter legekonsultasjon.