«Publikum kjem for mangfaldet – og det skal små og store få»
Mat og dyr blir meir og meir viktig på Dyrskuplassen, meiner gjestene. Med auka kunnskap som mål opnar dyrskuportane fredag.
Dyrskuposten 2017
Dei er stolte av årets fullspekka program, med tre dagar til ende der dyr, mat og handel, landbruk og maskiner skal gå hand i hand i Seljord.
750 utstillarar vil i løpet av veka finne seg til rette på det 165 dekar store området der det totalt blir omsett for 500 millionar kroner dei komande dagane. 1 500 menneske skal syte for at alle gjestene får ei oppleving som freistar til gjentaking også neste år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Samspelet vårt til lag og organisasjonar er me heilt avhengige av. Det viktigaste for oss er at alle som kjem på besøk får ei god oppleving når dei er her, og at dei ynskjer å kome tilbake, seier dagleg leiar i Dyrsku'n, Geir Helge Espedalen.
Arrangørane ynskjer å halde fast i den gode gamle dyrskukjensla, men vil også lyfte kunnskap endå tydlegare fram for gjestene.
Kunnskap og humor
Eit spennande opningsprogram opnar det heile på fredag med opningstale av landbruksminister Jon Georg Dale, politisk fesjå, humor og musikk – godt blanda med matopplevingar levert av Andreas Viestad som vil fokusere på trygg og sikker mat.
– Bård Tufte Johansen vil servere skråblikk på bonden før han skal vere med å dømme kyr – ja, det blir det fleire dommarar med altså. Elles vil mellom anna vinnaren av delfinalen i Det norske måltid blir presentert og dei frammøtte vil få høyre Dyrskulåta, seier Espedalen.
Den beste møteplass
Dyrsku'n skal ha litt for alle aldrar, og barna vil finne ei mengde aktivitetar gjennom heile helga.
– Det er mykje som skjer for dei yngste, med alt frå tivoli til ulik kunnskapsformidling, seier Marit Mæland.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ingen annan stad i Noreg der landbruket møter publikum som på Dyrsku'n, seier Jan Thorsen, organisasjonssjef i Telemark bondelag og arenaleiar for «Møt landbruket». Han gler seg til mange spennande foredrag, samtalar og møte i Møt landbruket-teltet, som er ei vidareutvikling av Bondens møteplass.
Teltet skal vere for bonden, men og ein arena der landbruket kan få presentere seg for ålmenta, seier Thorsen og oppmodar dyrskugjestene til å ta turen innom foredragsteltet.