Pulsen på annleiskommunen
I sist kommunestyremøte sa Bygdelista og Sp i Fyresdal rett ut kva dei meiner om at kommunehelsetenesta no også inneheld alternativ medisin. Men kva meiner så andre bygdefolk om innføringa av eit annleis kommunalt helsetilbod?
På kommunestyremøtet i Fyresdal sist torsdag slo både Sp og Bygdelista laus på hjartebarnet til ordførar Erik Skjervagen (Ap); innføring av alternativ medisin i kommunehelsetenesta og bruk av kinesisk førebyggingsmetode i barnehagen og skulen i bygda.
Gunnar R. Tjomlid, forfattar av boka «Placeboeffekten hvorfor alternativ behandling virker som den virker», hadde laurdag ein kronikk i Klassekampen der også han gjekk til angrep på den nye bygdemedisinen i Fyresdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fyresdal er blitt ein farleg kommune å bu i. Men i motsetnad til Mao trur Skjervagen sjølv på metodane han prakkar på innbyggjarane, skreiv Tjomlid mellom anna.
Tysdag spurde VTB folk i Fyresdal kva dei meiner om at Fyresdal kommune satsar på alternativ medisin i tillegg til vestleg medisin. I Kilegrend er det ein kvintett som har sansen for hjartebarnet til Skjervagen med akupunktur som eit tilbod i helseetaten.
Ingunn Vik Launes
Det er sprekt at det er fokus på alternativ medisin i Fyresdal. Det er utruleg korleis dei driv det i Kina. Kvifor skal ikkje me prøve alternativ medisin når Kina har gode resultat? Eg har prøvd akupunktur, og det hjelpte. Om bygdefolk brukar naturen i tillegg til alternativ medisin, blir det bra. Men me må ikkje slutte med vestleg medisin, seier Ingunn Vik Launes.
Georg Vik
Georg Vik er også positiv til alternativ medisin i bygda, og trur ikkje det vil gjere skade. Men det er ein vesentleg ting han meiner manglar.
Kommunen bør ha eit informasjonsmøte om alternativ medisin. Og ein annan ting; det er ikkje vits bare å sende skit til kvarandre om saka. Skjervagen fortener ros for nytenking, seier han.
Olav Gunnar Vik
Også Olav Gunnar Vik etterlyser eit informasjonsmøte han meiner er viktig i samband med innføring av ny kommunal behandlingsform.
Det går an å sjå andre vegar enn bare vestleg medisin. Men kommunen bør informere grundig før ein byrjar med kinesisk medisin. Viss ein skal inn med noko nytt er informasjon det viktigaste. Alle er jo skeptiske til det motsette er bevist. Er alternativ medisin bra så er det ok, men det må ikkje gå på kostnad av annan medisin. I tillegg trur eg kosthald har mykje å seie, og det er veldig bra at det er treningssenter i Fyresdal, seier han.
Rolf og Greta Vik
Rolf Vik har kreft. Då kommunelegen i Fyresdal spurde om han ville prøve alternativ medisin i tillegg til vanleg medisin mot kreften, sa han ja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg må jo prøve det eg kan når eg er i ein slik situasjon. Eg har tru på alternativ medisin og eg har tru på kommunelegen, seier han.
Kona Greta Vik er glad for at Rolf fekk tilbod om alternativ medisin på det kommunale helsesenteret.
Ein må prøve det ein kan for å få eit betre liv, og eg har trua på alternativ medisin som er heilt ufarleg, seier ho.
Kva så med alternativ medisin i barnehagen og på skulen, dei unge skal trykke seg på tærne som førebygging.
Det kan vere at det har noko for seg, seier Greta Vik.
Olav Åge Dale
Olav Åge Dale trur det kan vere greitt med alternativ medisin i Fyresdal.
Men eg stiller spørsmål ved å bruke det inn i barnehagen. I skulen er dei jo litt eldre. Elles er det rett av Fyresdal å prøve noko nytt. Gjev det positiv effekt er det betre enn tablettar, seier han.
Øyvind Aas
I Fyresdal sentrum treffer med mellom andre Øyvind Aas. Han fylgjer med i debatten om alternativ medisin i bygda, men synest det heile har tatt litt av.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alternativ medisin dreier seg ikkje om dei store pengane for kommunen. Dette er eit friviljug tilbod som eg synest er greitt og ser positivt på. Eg har ikkje hatt behov for å prøve alternativ medisin, heldigvis, eg er frisk og rask. Men mange slit med ulike ting og ein finn ikkje ut kva dei feilar. Då kan det vere eit alternativ å prøve kinesisk medisin, seier Aas.
Kjetil Straume
Kjetil Straume ristar på hovudet av kommunesatsinga på alternativ medisin, ei behandlingsform han slett ikkje har trua på.
Eg er ikkje for kvakksalveri på den måten ein legg opp til her, og det er ikkje ei kommunal oppgåve å fremje den type ting. Dessutan er det uhyre galt å blande ordførarrolla og eiga interesse, seier han.
Kva med alternativ medisin i barnehagen og skulen?
Kvar er barnevernet? Det blir sagt at alternativ medisin i barnehagen og skulen er friviljug, men klart det blir eit sosialt press, svarar Straume.
Astrid Skifjeld
Astrid Skifjeld er veldig for alternativ medisin som tilbod i kommunehelsetenesta.
For nokre år sidan blei eg behandla av Skjervagen, og han klarte å gjere meg frisk att. Han er ein ressurs for kommunen. Eg har vore til andre akupunktørar også, men det er ikkje det same. Eg skulle gjerne sett at Skjervagen var akupunktør og ikkje ordførar, utan å seie noko vondt om den rolla, seier ho.
Vidare synest Skifjeld det er veldig positivt med alternativ medisin i barnehagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvifor ikkje? Håpar det kjem på skulen også. Eg trur slikt er mykje meir positivt enn å gå til legen og få tablettar, seier ho.
Anita Lund Frantzen
Anita Lund Frantzen synest det er spennande at det blir prøvd noko nytt.
Eg har aldri prøvd alternativ medisin, men kunne tenkt meg det om helsa ikkje var heilt bra. Eg er ikkje redd for å prøve noko nytt. Elles er eg litt usikker på om ein skal bruke alternativ behandling i barnehagen og skulen, men la dei no få prøve. Funkar det ikkje så funkar det ikkje, seier ho.
Aud Lukassen
Aud Lukassen er positiv til alternativ medisin i Fyresdal.
Det er kjempeflott at me får eit slikt tilbod, og eg håpar folk nyttar denne friviljuge behandlinga. Me må vere opne for å gjere nye ting. Innbyggjarane må ikkje slå det i hel før dei har gjeve det ein sjanse. Eg forstår ikkje kva folk er redde for. Me må fylgje med i tida her oppe også. Vidare ser eg ikkje noko problem med alternativ medisin i barnehagen. Slikt er opp til foreldra og er friviljug, seier ho.
Sjølvsagt er ho klar over at utan Skjervagen hadde kommunehelsetenesta ikkje hatt tilbod om kinesisk medisin.
Me hadde aldri fått eit slikt tilbod verken av Saamund Gjersund eller Bjørn Nome. Elles føler eg nokon er urettferdig mot Skjervagen fordi dei ikkje klarer å skilje ordførarjobben og at han er privatperson, seier Lukassen.
Helge Himberg
Ein kaffigjeng med litt eldre karar sit ved eit kafébord på Meieriet. Også dei har meiningar om det som heilt klart er ein temperatursnakkis blant mange folk om dagane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alternativ medisin må bestemmast av den som vil ha tilbodet, og ikkje bli tilnærma dytta på av det offentlege. Vil eg få alternativ medisin, vil eg reise til ein akupunktør! Elles høyrest det litt dumt ut å trykke på tærne i barnehagen, og eg har alldeles ikkje tru på det. Vidare har diskusjonen om alternativ medisin blåse veldig opp og tatt av. For meg kan dei gjerne halde på med alternativ medisin, men det endar med at dei latterleggjer seg sjølve, seier Helge Himberg.
Sverre Skogstad
Sverre Skogstad meiner at ein ordførar som er demokratisk vald, ikkje bør sette seg over det han ser som fleirtalsmeininga i bygdefolket.
Om det ikkje er stemning for alternativ medisin, bør ordføraren lytte til dette. Får eg kreft vil eg ikkje bli tilbydd nåler, men cellegift. Eg går på cellegift for psoriasisen min. Viss nåler erstattar cellegifta, så tusen takk. Då ville det vore ein verdssensasjon, seier han.
Kjell Audun Aalandsli
Kjell Audun Aalandsli meiner det er plass for både vestleg og kinesisk medisin i Fyresdal.
Ein skal ikkje vere livredd for å prøve noko nytt, men det skal ikkje tvingast på folk. Kvifor kan ein ikkje bruke alternativ medisin i barnehagen og skulen når det er snakk om å førebyggje? Diskusjonen som rasar no er typisk norsk, og eg må le litt. Eg synest vel kanskje enkelte i kommunestyret burde moderert språket sitt, seier han.
Geir Bjaaland
På andre sida av bordet sit Geir Bjaaland.
Alternativ medisin som reparasjonsmetode trur eg verkar i ein god del samanhengar. Å bruke slikt som førebygging i barnehagen eller andre stader er eg ikkje så heilt sikker på at eg trur på. Nei, det blir for dumt å bruke alternativ medisin i barnehagen og skulen, seier Bjaaland, ein av mange med meiningar om det som har fått opp pulsen etter at eit noko annleis hjartebarn har søkt fotfeste i den kommunale helseetaten i Fyresdal.