Fyresdal-ordførar Saamund Gjersund, Tokke-ordførar Birger Nygård, Vinje-ordførar Arne Vinje og Kviteseid-ordførar Torstein Tveito.
Fyresdal-ordførar Saamund Gjersund, Tokke-ordførar Birger Nygård, Vinje-ordførar Arne Vinje og Kviteseid-ordførar Torstein Tveito.

Rådet skal bli meir synleg

Vest-Telemarkrådet (VTR), samarbeidsorganet for ordførarane i Vest-Telemark og Hjartdal, vil ta seg sjølv i nakken og bli lagt meir merke til dei neste åra. Ein måte kan vere å la regionordføraren få ei aktiv rolle som talsmann for Vest-Telemark.

– Eg trudde VTR var kjent etter å ha eksistert i ti år, men det er dessverre ikkje det, seier Seljord-ordførar John Kleivstaul til VTB.

Tysdag deltok han då VTR feira ti-års jubileum. Eit aktuelt tema under feiringa var at både Vest-Telemarkrådet og Vest-Telemarktinget må marknadsføre seg meir slik at folk veit kva dei dreiv med. Då VTB i sommar spurde ein del tilfeldige menneske kva dei meinte om samarbeidsorganet, svara svært mange at det kjente dei lite eller ingenting til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me spurde dei sju ordførarane i rådet dei neste fire åra kva dei vil gjere for at samarbeidsorganet skal bli meir kjent blant folk flest. John Kleivstaul hadde lese årets sommarpratar i VTB både ein og to gonger, og registrert at folk knapt visste om samarbeidsorganet.

Vore for stille

– Det er ikkje bra at folk ikkje veit kva rådet driv med. Dette bør me ta opp som eiga sak i organet. Me burde kanskje hatt ekspertise for å hjelpe oss med å takle den oppgåva. Det seier seg sjølv at det er viktig at folk veit kva me gjer. Me må få informasjon både ut i pressa og tilbake til eigne kommunestyre, meiner Kleivstaul.

Utanom ei satsing på å bli meir lagt merke til meiner han rådet må jobbe framover omtrent som det blir gjort no. Han synest det er nødvendig med eit samarbeidsråd i Vest-Telemark, og meiner organet garantert vil få meir å gjere framover.

Tokkeordførar Birger Nygård ser også at oppgåva framover blir å gjere kjent arbeidet VTR skal drive på regionalt plan. Ein måte å gjere det på er at alle kommunestyrepolitikarane blir orienterte, og at det frå den kanten blir spreidd vidare.

– Og så må rådet bli meir offensive i media, ikkje minst i vegsaker. Eg er ikkje overraska over at få veit kva me gjer. Det har vore for stille rundt rådet, og det må me ta sjølvkritikk på. Me må finne og fylgje opp gode tiltak som gjev resultat for å bli meir synlege, seier Nygård.

Regionordførar som talsmann

Vinjeordførar Arne Vinje meiner folk i sommar gav uttrykk for ein situasjon som ikkje er spesielt bra for rådet. Han meiner rådet må vere ein spydspiss for kommunane og at organet i større grad må markere seg for å bli lagt merke til.

– Det spørst om me ikkje må få regionordføraren til å stå fram som ein sterk og profilert talsmann for interessene i Vest-Telemark, og for kvalitetane og verdiane i regionen, føreslår Vinje.

Han ser rådet som viktig å ha i åra framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Rådet bør vere eit drivhus for samarbeidsprosjekt i regionen. Det samarbeidet er heilt avgjerande for at me skal halde oppe tilboda som er utvikla for innbyggjarane, meiner Vinje.

Hjartdalordførar Olav Tho meiner rådet må bli flinkare til å profilere seg, og at ein er ute med fleire saker som blir lagt merke til.

– Regionordføraren må vere fri og nytte høvet til å uttale seg på vegne av rådet. Dessutan må rådet bruke tilgjengeleg media, seier Tho.

Han føler Hjartdal kommune oppnår ein del ved å vere med i rådet.

– Sentrale styresmakter legg meir merke til regionar enn einskilde kommunar. Det å stå saman i ein region blir bare viktigare framover, meiner Tho.

Ta opp idéar

Kviteseidordførar Torstein Tveito ser at samarbeidsorganet har ei utfordring med å bli meir synleg.

– Rådet må marknadsføre saker som gjev konsekvensar for både innbyggjarane og vidare arbeid i kommunane. I den grad Vest-Telemark som region er oppteken av saker bør folk få innblikk. Dessutan må me bruke rådet meir bevisst om kommunane kjem med gode idéar, seier Tveito.

Han meiner rådet er veldig greitt å ha som eit forum der kollegaer kan ha samtaler.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Rådet er eit støtteorgan for ordførarane og eit samarbeidsforum der ein kan spele på kompetansen til kvarandre til beste for innbyggjarane. Rådet er kome for å bli. Vest-Telemark er katalysator for ei satsing på interkommunalt samarbeid. Og for ein fersk ein som meg er det mykje å lære av dei som er garva i rådet, seier Tveito.

Matnyttige resultat

Fyresdalordførar Saamund Gjersund, nyvalt regionordførar for dei sju kommunane, meiner rådet har hatt lite utoverretta saker og konkret innhald med visjonar. Han trur det blir lettare å få folk engasjert i kva rådet gjer om organet til dømes startar ein diskusjon om bruk av arealet og ressursane i heile regionen.

– Me må gjere noko konkret og spørje kva me vil med regionen. Me treng fleire saker der me bli synlege. Det er eit problem å forsvare bruk av ressursar når folk ikkje veit om oss. Utfordringa blir å finne ut kva me skal bruke rådet til, og kva målet er med samarbeid. Målet bør vere å få meir ut av ressursane eller betre tenester, seier Gjersund.

Den tida han har vore med i rådet kunne han ynskt seg meir matnyttige resultat.

– Då ville rådet blitt lagt meir merke til også. Men det treng ikkje nødvendigvis bli slik at kommunane må gje meir mynde til rådet framover, meiner Gjersund.

Fokusere på det positive

– Rådet må bli flinkare til å vise kva me gjer og få ut saker me jobbar med. VTB er eit veldig viktig organ å nytte seg av. Elles trur eg fleire veit kva me driv med, men tenkjer kanskje ikkje på at det er rådet som gjer det, seier Nissedalordførar Øyvind Tveit.

Han har vore med i rådet ein god del år. Han meiner organet tok eit viktig steg vidare ved å få ein dagleg leiar. Framover er han oppteken av at rådet blir ein medspelar for å auke interessa om regionen. Han har med glede registrert at bussar frå Torp annonserer med Vest-Telemark i fronten.

– Det set regionen på kartet. Slikt kan eg tenkje meg meir av. Me må oppmode fleire og fleire til å bruke ordet Vest-Telemark, seier Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner rådet har vore veldig problemorientert og ikkje klart å profilere fordelane i regionen. Dette vil han snu.

– Rådet må bli flinkare til å fokusere på det positive. Vest-Telemark har ein god klang utetter. Det må me bli flinkare til å byggje vidare på, avsluttar Tveit.