Rådmann ynskjer svar frå politimeisteren
Seljordrådmann Finn-Arild Bystrøm sende nyleg eit brev til politimeister Christine Fossen i Søraust politidistrikt om nærpolitireforma og passkontor. Bystrøm opplyser at han har fått tilbakemelding om at utskriving av pass ved Seljord lensmannskontor skal opphøyre frå og med 1. juni. Vidare nemner han ei uttale frå Lene Vågslid (Ap), stortingsrepresentant frå Telemark og leiar av justiskomiteen, om at Stortinget har vedtatt at endringar i pass-struktur skal handsamast av Stortinget for dei lensmannskontora som er igjen etter nedlegginga .
«Med dette som bakgrunn lurar eg på om politiet no har konkludert på ei sak som Stortinget ennå ikkje har konkludert på? Om det så er ber eg politiet vente med endringar på struktur innanfor passfunksjon inntil Stortinget har handsama saka», skriv Bystrøm, og bed politimeisteren svare på om utskriving av pass i Seljord verkeleg opphøyrer 1. juni.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare viser rådmannen til vedtak i Stortinget 5. april: «Stortinget bed regjeringa sørge for ei reell styrking av lensmannskontora som står att etter gjennomføringa av politireforma». «Stortinget bed regjeringa sikre at føringane frå Stortinget blir fylgd opp, og sikre at politiets tenestestader er tilstrekkeleg bemanna til å kunne vere aktiv til stades der folk er».
«Korleis tenker Søraust politidistrikt å fylgje opp Stortingets vedtak frå 5. april 2018 med tanke om vidare utvikling av Seljord lensmannskontor i tråd med Stortingets vedtak, slik at det ikkje blir eit kontor utan innhald, mannskap og tenester, spør Bystrøm politimeisteren.