Ketil O. Kiland (t.v.) og Per M. Lauvstad er ute etter politisk

ryggdekning for å vurdere mange interkommunale løysingar.
Ketil O. Kiland (t.v.) og Per M. Lauvstad er ute etter politisk ryggdekning for å vurdere mange interkommunale løysingar.

Rådmenn fulle av samarbeidstankar

Nissedal-rådmann Ketil O. Kiland og Kviteseid-rådmann Per M. Lauvstad meiner det er mykje meir å hente på samarbeid mellom kommunane i Vest-Telemark. Samla går rådmennene eit godt steg vidare og ausar ut av seg kva som kan bli interkommunale løysingar. - Ein kan slå saman landbrukskontor og ha felles jord- og skogbruksjef. Viltforvaltinga kan ut av kommunane. Pu-klientar frå fleire kommunar kan bli samla i ein av dei. Innafor områda økonomi og løn, psykiatri, lege, jordmor og helsesyster er det også bra grunnlag for interkommunalt samarbeid. Andre område er også aktuelle, meiner rådmennene.

Rådmennene i Nissedal og Kviteseid har gått svangre med mange idéar

på kva område kommunane i Vest-Telemark kan inngå samarbeid på. VTB fekk

Artikkelen held fram under annonsen.

lov til å vere «jordmor» ein dag det var lagleg at saker og ting kunne kome

ut. Både Kiland og Lauvstad trykkjer ut av seg samarbeidstankar med breidt

innhald. Det er bare å ta imot.

I ein månad har Nissedal og Kviteseid hatt samarbeid om ei

IT-stilling. Ved ei slik løysing forsvann vanskane med å rekruttere ein

person med kompetanse, i halv stilling. Ved full stilling får personen

utnytta sin spesialkunnskap. Frå før hadde Kviteseid ei IT-plattform, noko

Nissedal nå nyt fordel av. Fellesløysinga for kommunane blir sett på som

Artikkelen held fram under annonsen.

eit svært fornuftig val.

Heile Vest-Telemark

Kiland og Lauvstad kan tenkje seg mange nye samarbeidsområde.

- Det kan liggje monalege samarbeidsløysingar innan økonomi og løn

i kommunane. Det gjeld heile Vest-Telemark, meiner Kiland.

- Det gjev rasjonalisering, og på same tid får ein spisskompetanse.

Det er ikkje nødvendigvis snakk om å seie opp folk i ein slik prosess,

langt der i frå. Ein person med ansvar for økonomi kan i stor grad lære opp

etatsleiarar og avdelingsleiarar, slik at budsjettet blir brukt meir

aktivt. Resultatet er innsparing. Med betre kunnskap får me betre tenester

Artikkelen held fram under annonsen.

av mindre ressursar, konkluderer Lauvstad.

Rådmennene vedkjenner at det er viktig å spare pengar ved

samarbeid, men det er mest viktig at det blir god kompetanse på kvart

arbeidsfelt. Om Nissedal kommune er dyktige på eit område, kan Kviteseid

kommune vere det på eit anna område. Ei fordeling av arbeidsoppgåver mellom

kommunar er langt betre enn at det i kvar kommune sit tilsette og jobbar

med mange ulike felt. Ei slik løysing meiner Lauvstad kan samanliknast med

risikoen for at ein bilmekanikar må vere rørleggjar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slå saman landbrukskontor

Andre samarbeidsløysingar rådmennene peikar på kan vere å slå saman

landbrukskontor. Lauvstad fortel at langt større landbrukskommunar enn

Nissedal og Kviteseid har felles jord- og skogbrukssjef.

Ei anna løysing er at landbrukskontora kan fordele oppgåver og

reindyrke funksjonar. Ei spesialisering vil gje betre tenester. Eit døme på

det er at ein person med kompetanse jobbar med BU-søknader for fleire

kommunar. Det vil gje ein endå betre søknad for etableraren.

- Nå kan ein søknad ofte vere eit venstrehandsarbeid, og det kan

Artikkelen held fram under annonsen.

bli så som så, seier Lauvstad.

Kiland meiner ein person kan få ansvaret med å ta seg av

konsesjons- og bupliktsaker. Lauvstad presiserer at ei hovudoppgåve då er å

passe på at buplikta blir halde. Rådmennene trur vidare at viltforvaltinga

kan ut av kommunehuset. Sørnorsk Økosenter er døme på eit fagmiljø som kan

overta denne jobben for fleire kommunar. Innanfor teknisk etat er det ein

del å hente på å samarbeide om oppmåling og kart. Helsesyster, jordmor,

lege og psykiatri er andre samarbeidsområde som er høgaktuelle for

Artikkelen held fram under annonsen.

rådmennene. Vidare kan ein person få ansvaret med å lage kulturkalender for

heile Vest-Telemark, og leggje han ut på internett.

Felles servicekontor

Kiland og Lauvstad innser at Nissedal og Kviteseid er for små til å

ha kvart sitt servicekontor.

- Eg har skrinlagt tanken om eit lokalt servicekontor i kommunen.

Men eg har tru på at to-tre kommunar kan lage eit felles servicekontor med

ein god kompetanse, seier Kiland. Også Lauvstad finn dette interessant.

Innan omsorgsektoren registrerer båe at tidlegare innført

HVPU-reform har blitt kostbar.

- Nå må pendelen slå litt tilbake. Me må finne gode regionale

tilbod til psykisk utviklingshemma, der ein tenkjer felles løysingar mellom

to-tre kommunar. Eg etterlyser ein debatt om dette, seier Kiland.

- Pu-klientar med felles trekk kan vere i ein kommune, medan dei med andre

felles trekk kan vere i ein annan, legg Lauvstad til. Ved å tenkje

regionalt kan ein få betre tenester for utviklingshemma.

Invitere tilsette

Samarbeidsområda skal ikkje føre til at nokon blir sagt opp. Om

tilsette sluttar meiner rådmennene det er viktig å ha tenkt gjennom i

forkant kva løysingar som kan vere aktuelle. Resultatet kan bli færre

tilsette.

- Det finst samarbeid mellom kommunane i Vest-Telemark i dag, men

det er mykje meir å hente. Me skal sjå nærare på nye moglegheiter, og

invitere tilsette til å diskutere kva ein kan samarbeide om. Men me må ha

politisk dekning for vidare arbeid, avsluttar Kiland og Lauvstad.