Rallardag med tankevekkande spel
Folk strøymde til gruveparken på Åmdals Verk laurdag for å ta del i den 27. rallardagen. «Amerikafararen» var årets spel, og dei lokale skodespelarane gjorde ein flott innsats.
Anne Fles med medhjelparar har skrive ti spel med tilknyting til livet på Verket i ulike tidsfasar av gruvedrifta. Spelet i år var sist sett opp i 1999, men bodskapen er like aktuell for det. Spela gjev eit godt innblikk i det tøffe tilveret det var med lange arbeidsdagar og mykje slit i gruvene på Åmdals Verk.
«Amerikafararen» handlar om emigrasjonen til Amerika. Frå 1825 til 1920 var det om lag 800.000 nordmenn som drog den lange vegen over havet for å prøve lykka. Også frå Verket var det mange som drog over Atlanteren - bort frå armoda - for å sjå om dei kunne skape seg eit betre liv.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årets spel gav eit godt inntrykk av kampen for å overleve på låg timeløn, og uvisse som rådde i det vesle gruvesamfunnet med omsyn til svingingane i kopparprisen. I «Amerikafararen» fekk me oppleve fortvilte gruvesluskar når verksdirektøren kjem og fortel at prisen på koppar snart var så låg at arbeidarane truleg kunne verte utan arbeid.
Nedgangstider på Verket
Det var nedgangstider i gruvene. For ungdomen på Verket såg framtida mørk ut. Ein unggut fann ut at framtida var i Amerika. Me fekk sjå fortvilte sysken, foreldre og besteforeldre når han fortalde om avgjerda si. Også kjærasten, som var av betre stand enn sluskesonen, hadde tunge stundar. Dei lova kvarandre at ho skulle kome etter til Amerika når han hadde fått rydde seg ein gard, jamvel om faren hennar mislikte sterkt at ho ville ha ein kar frå arbeidarklassa. Avskila med familien var tung for både han som drog og alle dei som sat att heime i fattige kår.
Dei dyktige skodespelarane hadde nerve i spelet når dei framførte den gripande historia om kvardagen i gruvesamfunnet. Dei skapte ei tankevekkande framsyning fylt av både kjærleik og armod.
Visesong og godvêr
Rallardagen baud elles på visesong av Guren Hagen frå Rendalen i Østerdalen. Med seg på tangentinstrument hadde han Vegar Ellevset. Dei hadde ein times konsert før framsyninga av spelet.
Også i år var det fint vêr under Rallardagen og folk kosa seg kring det fine amfiet i gruveparken. At regnet held seg borte var noko predikanten Åge Samuelsen lova Birger Bastiansen ein gong dei snakka saman på Dalen. Samuelsen lova at han skulle ordne godvêr til evig tid på Rallardagen. Til denne tid har han halde ord.