– Rart at husleigekontraktar skal ha meir å seie enn politifaglege vurderingar
Kviteseid-ordførar Tarjei Gjelstad (Ap) er overraska over tilrådinga til politimeisteren.
Heilt fram til for eit par dagar sidan så peikte alt på at Kviteseid skulle få det tredje og siste lensmannskontoret i Vest-Telemark, ved sidan av Vinje og Nissedal. Så skjedde det noko. Torsdag morgon begynte det å svirre rykte om at Seljord var med i kampen att.
Les også:Frå to til tre lensmannskontor
Artikkelen held fram under annonsen.
Torsdag ettermiddag, før tilrådinga frå politimeisteren var klar, kunne Kviteseid-ordførar Tarjei Gjelstad (Ap) fortelje at også han, i likskap med Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap), hadde hatt ein prat med politimeister Christine Fossen onsdag kveld.
– Har de fått noko form for signal om kva tilrådinga til politimeister Christine Fossen vil vera i dag?
– Rykta går, men me har ikkje fått noko endeleg. Kviteseid har også vore i dialog med Fossen, eg hadde ein god prat med politimeisteren i går. Utan at ho sa verken det eine eller det andre. Det einaste eg ser er forskjellig no i forhold til kva ho har sagt tidlegare, er husleigekontrakter hjå dei noverande kontora. Det handlar om pengar. Men eg er framleis optimist, og håpar at me får svar før kommunestyret i kveld.
Og det gjorde dei.Nokre timar etter praten med ordføraren tikka meldingane inn. Og i tilrådinga står det at både Seljord og Kviteseid burde ha kontor. Då årets siste kommunestyremøte tok til i Kviteseid torsdag kveld, høyrte me med ordførar Tarjei Gjelstad (Ap) om kva han tenkte om tilrådinga til politimeisteren.
– No legg politimeisteren husleigekontraktar til grunn. Det overraskar meg veldig. Heilt fram til denne veka var det Kviteseid som var det mest sannsynlege alternativet etter politifaglege vurderingar, sa Gjelstad før møtet starta.
Så tok han talarstolen for å informere kommunestyret om saka.
– Det kom inn nokon meldingar like før klokka fire i dag. For Kviteseid sin del har politimeisteren kome med ei innstilling der både Kviteseid og Seljord vil ha lensmannskontor, med ei felles leiing. Eg har ikkje fått tid til å setje meg inn i tilrådinga førebels, men me får ta det til etterretning. No er det Politidirektoratet som bestemmer til slutt. Det endelege vedtaket kjem i mai, opplyste han politikarane.
Ei god løysing for Seljord
Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap) er godt nøgd med at det framleis skal vere lensmannskontor både i Kviteseid og Seljord.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg meiner dei har landa på ei løysing som er bra for oss. Me har hatt ein god dialog med politimeisteren, og ho har lytta til innspela våre. Me har nytta det handlingsromet som politiet ga oss, og me hadde høve til å kome med innspel heilt fram til onsdag kveld, seier Haugan.
Ordføraren fortel at det har vore eit stort lokalt engasjement i saka, noko han set stor pris på.
– Det såg ei tid mørkt ut med tanke på om me skulle få behalde lensmannskontoret i Seljord, og bekymringa lokalt var stor. Det er ikkje alltid ein når fram i saker ein arbeider for, men det er ekstra gledeleg at me klart det i denne saka – i alle fall når ein har bruka så mykje tid på ho, seier ordføraren.
– Trur du at lensmannskontoret er sikra i Seljord i framtida nå?
– Eg har ingen grunn til å tru noko anna, seier Haugan.