Sikringsnett Våmur, furua
Sikringsnett Våmur, furua

Rasar over sikringstiltak

Folk i Fyresdal ristar på hovudet av det lange og høge sikringsnettet som er sett opp på svaberga ved Våmur.

Blant mange naturglade fyresdølar er Gunhild Momrak og Sven Erik Skomdal. Akkurat glade er dei ikkje lenger når turen går over Våmur. Eit seks hundre meter langt og fire meter høgt sikringsnett er snart ferdig sett opp på svaberga like ovanfor fylkesvegen, som stod klar i 1953.

– Miljøkriminalitet, seier Momrak og Skomdal om inngrepet i eit område mange stoppar og gjerne går ein tur opp svaberga om sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me blir jo kriminelle bare me køyrer oppå snøen med ein snøskuter, legg Momrak til.

Sikringsnettet kom etter sist vinter då vegen var stengt eit par veker fordi det blei vurdert rasfare.

Meir skånsamt

Sikringsnett Våmur. Gunhild Momrak og Sven Erik Skomdal
Sikringsnett Våmur. Gunhild Momrak og Sven Erik Skomdal

– Normalt er dette ein snøfattig plass, men det var ein spesiell vinter sist med meir snø. Men det rasa ikkje. Folk køyrde forbi sperringane og var galne som feler på stenginga, seier Momrak.

Det einaste raset som ho kjenner til skal ha vore i området, var for nesten 60 år sidan. Etter det har det kome meir vegetasjon i fjellområdet, og det er med og held på snøen.

– Viss det har vore så rasfarleg her opp gjennom åra, kvifor har det aldri blitt varsla med skilt? Hadde dette vore på Vestlandet, hadde det ikkje blitt sikra i det heile. Mange stoppar her om sommaren, men nettet gjer at dei ikkje lenger kan gå opp i svåune, ristar Momrak på hovudet.

Både ho og Skomdal meiner at om det skulle sikrast i området, burde det vore gjort på ein langt meir skånsam måte.

Skomdal har arbeidsvegen sin over Våmur. Han meiner det er meir farleg å køyre vegen til vanleg, enn å passere der om vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ein fin arbeidsveg, men no ser eg helst ned ved Våmur, sjølv om eg av og til kastar blikket på galskapen. Dette sikringsnettet er overdimensjonert, det har gått langt over stokk og stein, seier han.

Gjerda landemerke

– Mor og far køyrde her nyforelska i 1957. Dei stoppa ved ei furu ved vegen og tok bilde med svåune i bakgrunnen. Det er mange som har fotografert furua som er blitt eit landemerke. No er ho ikkje noko verdt lenger. Dei har øydelagt furua, det er så fælt at, seier Momrak, og ser bort på den spesielle furua som så å seie er fanga av det høge sikringsnettet.

Tiltaket på Våmur har blitt ein heit snakkis i bygda. Mange synest inngrepet er forferdeleg på ein plass der folk gjerne tek ein stopp for å kose seg med ein flott utsikt og dei fine svaberga.

– No kan eg nesten ikkje kyte av utsikten lenger overfor andre. Eg skjemst i staden, seier Momrak.

– Skal ein dra folk opp her no, må det vere for å vise dei kor dumt det er, seier Skomdal.

Han undrar på kven som er ansvarleg for inngrepet, som kom i gang veldig fort.

– Her må det vere snakk om kontorfolk som ikkje har snøring. Dette må me få ei forklaring på, elles blir det irritasjonsmoment i bygda i mange år, seier Skomdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunneigar reagerer

Formelt sett er det framleis grunneigar Aslak Momrak som eig området der sikringsnettet er, sidan oppgjeret frå Vegvesenet ikkje har kome enno og papirarbeidet ikkje er ferdig. Momrak sa seg viljug til å avstå grunn på svaberga, men var ikkje førespegla eit så stort sikringsopplegg.

– Prosessen og det ein ser no er lite smidig utført. Utsjånaden kunne ha vore jobba meir med, og gjort på ein mindre skjemmande måte. Det ein ser no er å skyte sporv med kanonar, og ein øydelegg verdiane i området, seier Momrak.

 

Får reaksjonar

Sikringsnettet på Våmur er ein snakkis også på turistinformasjonen i Fyresdal sentrum, i fylgje Sigrunn Vik Skomdal. Sjølv budde ho i Kilegrend i oppvekståra, men på alle turane til Fyresdal kan ho ikkje hugse at det nokon gong rasa over fylkesvegen eller at det var skummelt å ferdast der.

– Så lenge eg har hatt turistinformasjonen har mange skrytt av Våmur. Dei har fått ei aha-oppleving over kor flott det er der. Med dei gjerda som er heilt forferdelege klarer eg ikkje lenger å formidle den gode opplevinga med å vere der, seier Skomdal.

– Det er jo folk som reiser opp dit bare for å sjå kor stygt det er, held ho fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho spør seg om ein måtte gjere sikringa på denne måten med eit høgt nett.

– Det er synd at dei øydelegg slike fine perler. Det må vere andre måtar å sikre på, seier ho som styrer turistinformasjonen.

 

Tryggleik til 4,5 millionar

Brian Lund i Vegvesenet er byggjeleiar for veg- og utbyggingsprosjekt i Telemark. Han har ansvaret for gjennomføringa av rasfanggjerdet på Våmur, ein jobb bestilt av staten etter at det var på plass pengar til rassikring.

– Sist vinter var geolog på Våmur og sa det var fare for ras. Derfor kjem det no eit 4 meter høgt og rundt 600 meter langt gjerde fordelt på tre plassar på Våmur. Kjem det ras, pakkar det fort og det blir høgde av det, seier Lund.

I Fyresdal blir det snakka om at kostnaden for gjerdet er på totalt 18 millionar kroner. Slik er det med rykte, konstaterer Lund, og påpeikar at gjerdet og nettet kjem på totalt 4,5 millionar kroner.

– Bygdefolk reagerer kraftig på det store gjerdeprosjektet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har forståing for at dei reagerer på så store konstruksjonar, men spørsmålet er om dei då tenkjer på tryggleiken for bilistane, svarar Lund.

– Det skal visstnok ikkje ha rasa på vegen sidan slutten av 50-talet?

– Det er feil. Det kom eit større ras i 2002 eller 2004, og det har me bilde av. Snøras har vore problemet gjennom mange år, seier Lund.