Reagerer på karakteristikkar etter asylutspelet
Då Kviteseid Høgre gjekk ut med at partiet vil avvikle asylmottaket, var leiarane førebudde på reaksjonar. Men ikkje på personlege karakteristikkar og haldningar dei blir tillagde i avisinnlegga.
Partileiar Halvor Nyland og listetopp Gunnar Ruud i Kviteseid Høgre var førebudde på ulike reaksjonar då dei i valkampen gjekk ut og sa at partiet hadde evaluert asylmottaket og kome fram til at avvikling var det beste.
Styret og listekandidatane for Høgre stod samla bak utspelet. Dei ba andre parti vera med på ei evaluering fordi dei meinte at asylmottaket, slik det fungerte etter brannen på Kviteseid hotell, ikkje var godt nok for asylsøkjarane og ei belastning for fastbuande i bygda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Førebudde på reaksjonar
Me var klar over at dette var eit kontroversielt utspel, og var førebudde på reaksjonar. Utspela frå dei andre politiske partia er heilt greie. At Høgre blir kalla populistiske må me tole. Det er også eit greitt synspunkt at andre parti meiner dette ikkje bør vera ei valkampsak, seier Ruud.
Han forsvarar utspelet om asylmottaket med at det er ei viktig sak for Høgre, og for mange folk i Kviteseid.
Det ville vera merkeleg om me bare skal ta opp uviktige saker i valkampen også, legg han til.
Reagerer på karakteristikkar
Det er utspela frå enkeltpersonar i avisinnlegg og debattar dei reagerer på. Ved lesing av lokalavisa finn Høgre-toppane at dei personleg blir karakterisert som framandfiendtlege, redde for det ukjente, manglar menneskeleg innsikt, driv med bakhaldsangrep og er useriøse, for å nemne noko av det avisinnlegga har innehalde.
Etter vårt syn må det vera lov å ta opp ei sak som dette utan å få personlege karakteristikkar av denne typen, og bli tillagde haldningar me slett ikkje har. Me er ikkje framandfiendtlege og har heilt normal menneskeleg innsikt, seier Nyland.
Me er klar over at bare det å ta opp ei sak som kan sjåast som kritisk til noko som har med innvandrarar og asylsøkjarar å gjera, er politisk ukorrekt, og får ein del folk til å reagere. Men me trur det er å gjera asylsøkjarar og andre med framandkulturell bakgrunn ein bjørneteneste om ein ikkje behandlar dei akkurat likt alle andre, meiner Nyland og Ruud.
Det er nettopp forskjellbehandling, og det ikkje å tore ta opp problem, som leier til at folk blir framandfiendtlege og personar med framandkulturell bakgrunn blir stigmatiserte, legg dei til.
Me håper også at folk som kjem med slike utspel i debattar er medvitne at det kan skremme folk frå å delta i lokalpolitikken. Det er vel ikkje meininga å kneble meiningsutveksling, spør Høgre sine representantar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nyland og Ruud synest fleire av dei som har skrive avisinnlegg kunne ha spart seg kraftuttrykka sine, men ser fram til ei grundig evaluering av asylmottaket, som det synest å vera semje om i alle parti etter utspelet frå Høgre.