Reagerer på ultimatum i Nav-saka
Seljord-rådmann Finn-Arild Bystrøm sitt klare standpunkt om plasseringa av eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark skapar reaksjonar på heimebane.
I ordskiftet om eit felles Nav-kontor for Vest-Telemark har Bystrøm i rådmannsutvalet uttala at eit kontor må ligge i Seljord, viss ikkje vil dei heller samarbeide med Midt-Telemark.
I eit lesarinnlegg i dagens VTB stiller kommunepolitikar Kristian Espeland (KrF) spørsmål til kvar rådmann Finn-Arild Bystrøm har dette mandatet frå.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Rådmannen må ikkje vera ein utøvande tenar for eit mogleg dominant moldvarpdemokrati i Seljord, skriv Espeland.
KrF-politikaren meiner rådmannen må halde seg til to viktige prinsipp i kommunelova, utøving av politiske vedtak og forsvarleg sakshandsaming, og rår Bystrøm til å vera ein sjølvstendig rådmann ut frå desse to prinsippa.
Med bakgrunn i vedtaket som blei gjort i formannskapet i november ser ikkje Espeland grunnlaget for rådmannen sitt ultimatum i spørsmålet om plassering av Nav-kontoret.
Bystrøm stadfestar til VTB at vedtaket frå formannskapet i november ikkje seier noko om plassering av kontoret, og at politikarane stilte seg positive til at Vest-Telemarktinget handsama ei sak om samanslåing av Nav-kontor. Tidlegare konstituert rådmann, Kari Gro Espeland, la fram ei tilråding til formannskapet om at Seljord bør samarbeide med Nav Midt-Telemark, medan politikarane altså gav beskjed om at dei heller vil samarbeide med naboane i vest.
Intern utgreiing
Til VTB seier Bystrøm at det er ei intern utgreiing hos Nav i Seljord, og innspel frå fylkesdirektør i Nav, Terje Tønnesen, som er årsaka til den bestemte haldninga om at plasseringa skal og bør vera Seljord.
– Signala me har fått frå Nav er at den beste staden for eit felles kontor er i Seljord. Fylkesdirektør Tønnesen peikar også på Seljord som eit godt alternativ. Om det ikkje blir i Seljord ser me større moglegheiter for utvikling om me samarbeider med Midt-Telemark. Men dette er ei vanskeleg sak, både for oss og dei andre kommunane. Det ligg an til å bli støy uansett kva utfallet blir, seier Bystrøm.
Han påpeikar at ingenting er konkludert enno, og at saka skal opp til handsaming i formannskapet 18. januar og i kommunestyret 1. februar.