Reagerer på utestenging
Bjørn Skinnarland synas det er merkeleg at garden hans ikkje kan søkje om midlar frå Møsstrond kraftfond.
I eit brev frå Vinje kommune heiter det at Kraftfond Møsstrond har gjort vedtak om å opne frå søknader om tilskot frå visse gardar på Møsstrond. Der Skinnarlands gard er rekna for å ikkje ha nær tilknyting til Møsvatn.
– Det er frekt. Både me her på Brattås og andre gardar som ikkje er rekna for å ha tilknyting til Møsvatn har då visseleg ein kilometer med strandline og meir på Møsvatn. Og dette brevet har eg ikkje eingong fått tilsendt, men fekk greie på det andre stadar, tordnar Skinnarland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skinnarland har sendt brev til kommunen der han stiller spørsmål ved prosessane rundt tildelingar frå kraftfondet.
– Eg treng ei grundig forklaring på kva dei meiner med nær tilknyting. Eg meiner det er forskjellsbehandling og eg synest det er rart at ikkje alle grunneigarane har fått brev om dette.
Uheldig prosess
Thomas Vågen på Møsstrond meiner også det er eit uheldig opplegg med utdeling av midlar frå Møsstrond kraftfond.
– Dei tek frå dei små bruka og gir til dei større. Eg meiner det er ei skammeleg ordning som manglar gode demokratiske prosessar, seier Vågen.
Møsstrond kraftfond er det som tidlegare hadde namnet Møsstrond bustadfond. I det gamle bustadfondet blei det fordelt likt ein årleg sum i tilskot til kvart bruk.
– Poenget med fondet er at det skal vere ein kompensasjon for å bu ved eit vatn som har 18 meters regulering. Ikkje nok med den byrden så skal ein i tillegg ha eit system der dei største kjem best ut, seier Vågen.
Ordførar informerer
Jon Rikard Kleven skriv på facebook at Vinje kommune fekk 25 millionar til Kraftfond Møsstrond i 2015 i samband med ny konsesjon. Det har eigne vedtekter og eit eige styre som er vald av kommunestyret. Øystein Høgetveit er leiar, nesteleiar er Asbjørg Neset, og med seg i styret har dei Halvor Lien, Kjetil Vaagen og Gunn Seltveit Bøe.
– Eg har bede administrasjonen om å leggje ut møteinnkallingar med sakliste og møteprotokollar på heimesida til kommunen, slik at dei som har interesse av å fylgje forvaltninga av fondet enkelt får høve til det, skriv ordføraren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Toril Nicolaisen, næringsjef i Vinje kommune seier dei har lest brevet frå Skinnarland.
– Det som står i brevet skal takast opp i eit møte i kraftfondet som skal vere i løpet av dei neste to vekene. Når det gjeld brevet til Skinnarland, så trudde eg det skulle vere sendt ut, seier Nicolaisen.