Reaksjon på «Det vakraste flagget i verda»

Eg måtte berre sjå kjapt bort på kalenderen for og sjekke at det er 2014 og ikkje 1814 etter å ha leste det innlegget; det er mange ting i den ytringa som overraskar meg, men aller mest setningane; «Skjerp deg! Endre synet ditt! Les Bibelen» og «Den viktigaste boka i verda er Bibelen» Eg må berre sukke oppgitt over ein slik ytring i ei offentleg avis. Fyrst og fremst; ja, det er eit kors på Noregs flagg, men for meg og mange andre så reflekterar det heller Noregs historie som ein kristen nasjon, og ikkje nødvendigvis korleis Noreg er i dag eller kjem til å vere i framtida. For det andre; det er klart at ein skal få lov til og komme med slike utsagn som du har gjort; ein har rett til det, ein har rett til og seie det ein sjølv meiner og ein har rett til å ha kva for ein religion ein sjølv ynskjer, det er greitt og om ein føler at religion gjer livet ditt betre så er det kjempeflott, men eg synes det blir feil når ein skriv slike nedlatande ytringar i ei avis som lesast av alle slags type menneske. Det er fordi er rett og slett er latterleg å krevje at alle skal tenkje på din måte; det er latterleg å be folk «skjerpe seg» fordi dei tenkjer «feil» og det er latterleg å skrive så nedlatande til folk som ikkje deler din religion. Folk tenkjer forskjellig; folk har forskjellige religionar og meiningar, dei har forskjellige verdiar i liva sine. «Skjerp deg! Les Bibelen!» er ikkje ord eg forventar å finne i ei offentleg avis i 2014 fordi det er ikkje berre kristne som les VTB; det er muslimar og buddhistar, det er agnostikarar og det er ateistar; folk som flest er tilfredse med den trua (eller mangel på tru) som dei no har. Dei kauper ikkje VTB for at lese kristendoms propaganda; det finns nok eigne blad for det. Nokre berre les ytringa kjapt og legg vekk bladet; andre blir fornærma og andre blir irritera over slike ord. Eg er ein av dei som blir irritera fordi eg meiner at avkristninga av Noreg er noko av det betre som har skjedd dei seiste åra; eg meiner at samfunnet og det offentlege systemet skal vere religionsnøytralt og ikkje favorere særlege livssyn nettopp fordi Noreg er i ferd med å bli ein «melting-pot» av kulturar, religionar og forskjellige livssyn, som er utruleg flott og spennande, og når ein har så mange forskjellige synspunkt så ville det vere feil og umoralskt at ein religion blir representera meir enn andre; religion er noko personeleg som eg ikkje synes at det offentlege systemet skal reflektere. Hurra for eit religiøst nøytralt Noreg! Hurra for eit samfunn det folk blir stilt på likare grunn og hurra for at folk kan få velge kva for eit livssyn dei vil utan å bli dømt for det og utan å få religiøs propaganda stappa ned i halsen når dei berre har lyst til å lese avisa.

Skjerp deg! Endre synet ditt! Lat andre tenkje som dei vil! Slik finn du ut kvifor eit religiøst nøytralt offentleg system er det som fungerar best i landet ditt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gunhild S. E. Mikkelsen