I samband med skuledebatten i kommunestyret minna rådmann Brit Houge om kommunens etiske retningsliner for bruk av sosiale media.
I samband med skuledebatten i kommunestyret minna rådmann Brit Houge om kommunens etiske retningsliner for bruk av sosiale media.

Redd folk blir skremt til å teie

Birgit Johanne K. Olsnes (Sp) fryktar rådmannens rasling med kommunens etiske retningsliner skremmer folk til å teie i skulestrukturdebatten.

Då saka om å sende skulestrukturdokumentet ut på høyring var til handsaming i kommunestyret tysdag, brukte rådmann Brit Houge dei fyrste minuttane til å kritisere delar av ordskiftet som har gått føre seg i sosiale og trykte media. Ho delte i møtet også ut kommunens etiske retningsliner til kommunestyre og media.

– Det har vore ein del reaksjonar, eller utbrot. Noko av det som står er direkte ufint og usakleg. Me kjem til å gå vidare med det og ta det med dei det gjeld, sa rådmannen frå talarstolen, og understreka at ho ikkje var ute etter å avgrense ytringsfridomen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ynskjer at debatten skal vera respektfull og sakleg, la ho til.

Rådmannen varslar at ho vil gå vidare i nokre saker der ho meiner det har vore brot på kommunens etiske retningsliner for tilsette og folkevalde. Det gjeld både utspel i media og i lukka grupper på Facebook. Ho vil ikkje kommentere kva utspel det gjeld.

– Skremmer folk

Politikar Birgit Johanne Kovajord Olsnes reagerte sterkt på rådmannens utspel i kommunestyresalen.

– Det kan godt vera at dette er retta mot meg. Eg er den einaste av politikarane her som har vore kritisk i media. Då ynskjer eg i så fall at ho tek det direkte med meg. Eg held fast på retten til å debattere sak og ytre meg, så lenge eg ikkje går til personangrep. Det har eg ikkje gjort, sa Olsnes, som har vore aktiv debattant på Facebook og med lesarinnlegg i VTB.

– Eg let meg ikkje stoppe i å skrive lesarinnlegg og debattere sak. Ved at dokumentet blei lagt fram politisk alt no, inviterer administrasjonen oss til å meine noko om det. Då blir det rart om me skal få kritikk når me gjer nettopp det, meiner Olsnes.

Ho trur kommunen har lite å tene på rådmannens utspel.

– Eg fryktar at rådmannens uttaler vil skremme folk til å teie i saka, seier ho.

Houge seier utspelet hennar ikkje var retta direkte mot nokon politikar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sidan møtet blir kringkasta syntest eg det var greitt å minne om at det er viktig å ha respekt for debatten. Eg ynskjer ikkje å kneble ytringsfridomen. Men ufine og usaklege utspel har prega debatten, også ute blant folk, og det er uheldig, seier Houge.

Til utspelet til Olsnes har ho dette å seie:

– Viss ho meiner det, går eg ut frå at ho tek det opp med meg.