Det gjekk unna i høg fart då stafetten tok til på Høydalsmo stadion.
Det gjekk unna i høg fart då stafetten tok til på Høydalsmo stadion.

Regnet stoppa ingen

Den tradisjonsrike Tinestafetten i Høydalsmo blei arrangert på ny fredag. Sola meldte avbod i år, men det gjorde ikkje dei konkurranseinnstilte deltakarane.

Vanlegvis plar Høydalsmo vera veldig heldige med vêret når dei arrangerer Tinestafett. Fredag var dei ikkje fullt så heldige. Men den gode stemninga som følgjer med den årlege aktivitetsdagen var så absolutt til stades i år òg – om ho enn blei avbroten av nokre varmepausar inne i matsalen på Høydalsmo skule.

– Stor idrettsglede

– Det er om lag 220 elevar i aktivitet her i dag. Det er veldig bra, seier Trine Lothe, som er ansvarleg for Tinestafetten i Høydalsmo.

Artikkelen held fram under annonsen.

­– Sjølv om det regner og er litt kaldt og surt så oppfører elevane seg eksemplarisk og viser stor idrettsglede. Me som arrangørar er glade for at det er mange skular som prioriterer å bruke ein skuledag på dette, skryter Lothe.

Elevane imponerte stort på alle postane, og under stafetten var det som vanleg jubelstemning langs idrettsbanen i Høydalsmo. Heiaropa ljoma gjennom lufta konstant medan dei raske deltakarane fauk gjennom regndråpane.

På slutten av dagen såg resultatlista slik ut (konkurransane er delt inn klassevis): I friidretten vann Høydalsmo skule i 6. klasse, medan Kviteseid skule vann i både 7., 8. og 9.-klasse. I stafetten vann Kviteseid skule i både 6. og 7.-klasse, medan Tokke vann i 8. klasse og Åmot skule i 9. klasse.

Tor Inge Tellefsen (12) frå Høydalsmo kasta liten ball med heile kroppen.
Tor Inge Tellefsen (12) frå Høydalsmo kasta liten ball med heile kroppen.
Habane Ali Abdi (13) frå Åmot flaug gjennom lufta lett som berre det.
Habane Ali Abdi (13) frå Åmot flaug gjennom lufta lett som berre det.
Bjørn Lofthus (14) frå Åmot imponerte stort med å snike seg over 1,45 meter i høgdehoppinga.
Bjørn Lofthus (14) frå Åmot imponerte stort med å snike seg over 1,45 meter i høgdehoppinga.
Mari Mandt (11) og Katrine Sunde Aalandslid (11) frå Høydalsmo.
Mari Mandt (11) og Katrine Sunde Aalandslid (11) frå Høydalsmo.
Ida Riis (13) frå Kviteseid (t.v.), Martine Ovastrøm Andersen (12) frå Kviteseid og Andrea Lid (13) frå Kviteseid.
Ida Riis (13) frå Kviteseid (t.v.), Martine Ovastrøm Andersen (12) frå Kviteseid og Andrea Lid (13) frå Kviteseid.
Elias Grutle (12) frå Kviteseid og Åsmund Kvålseth (13) frå Ordal.
Elias Grutle (12) frå Kviteseid og Åsmund Kvålseth (13) frå Ordal.
Åmund Øien (14) frå Åmot (t.v.), Andreas Oterholt (13) frå Åmot, Erik Midtbøen (13) frå Åmot, Torgrim Hovda (13) Rauland og Sondre Taraldlien (14) Tjønnegrend
Åmund Øien (14) frå Åmot (t.v.), Andreas Oterholt (13) frå Åmot, Erik Midtbøen (13) frå Åmot, Torgrim Hovda (13) Rauland og Sondre Taraldlien (14) Tjønnegrend
Ina Støyle Rasmussen (11) frå Lårdal (t.v.), Ingrid Stigen Byggland (12) Høydalsmo og Mari Årlid (12) frå Høydalsmo.
Ina Støyle Rasmussen (11) frå Lårdal (t.v.), Ingrid Stigen Byggland (12) Høydalsmo og Mari Årlid (12) frå Høydalsmo.
Attal Saadat (12) frå Kviteseid (t.v.), Johannes Myklebust (12) frå Kviteseid, Torje Grestad (11) frå Ordal, Halvor Sanden Brenne (12) frå Vrådal, Svenn Bakken Braun (12) frå Kviteseid, Sigrid Marie Aarbakk (12) frå Kviteseid, Ragnhild Berge (11) frå Morgedal, Andrea Venås (11) frå Vrådal og Johanna Krossbakken (11) frå Brunkeberg.

Ekhlas Raslan Khalifa (12) og Ferdos Idrahim Mhfud (13) frå Dalen.
Ekhlas Raslan Khalifa (12) og Ferdos Idrahim Mhfud (13) frå Dalen.

26 på Tinestafetten

Mari Mandt (11) og Katrine Sunde Aalandslid (11) frå Høydalsmo.

– Me har fått ansvaret for å halde i stand lengdegropa mellom hoppa til deltakarane. Det gjorde me i fjor òg. 

Ida Riis (13) frå Kviteseid (t.v.), Martine Ovastrøm Andersen (12) frå Kviteseid og Andrea Lid (13) frå Kviteseid.  

– Me skal berre delta på stafetten, men der håpar me å gjera det bra. I fjor vann Kviteseid heile stafetten! Og faktisk så vann me i friidretten òg. Me har øva oss litt i gymtimane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elias Grutle (12) frå Kviteseid og Åsmund Kvålseth (13) frå Ordal.

– Så langt har me vore med på høgdehopp. Der gjekk det heilt ok. Men på stafetten gjer me det nok bra. Det gjorde me i alle fall i fjor!

Åmund Øien (14) frå Åmot (t.v.), Andreas Oterholt (13) frå Åmot, Erik Midtbøen (13) frå Åmot, Torgrim Hovda (13) Rauland og Sondre Taraldlien (14) Tjønnegrend.

– Det har gått greitt så langt. Me er spente på stafetten.

Attal saadat (12) frå Kviteseid (t.v.), Johannes Myklebust (12) frå Kviteseid, Torje Grestad (11) frå Ordal, Halvor Sanden Brenne (12) frå Vrådal, Svenn Bakken Braun (12) frå Kviteseid, Sigrid Marie Aarbakk (12) frå Kviteseid, Ragnhild Berge (11) frå Morgedal, Andrea Venås (11) frå Vrådal og Johanna Krossbakken (11) frå Brunkeberg. 

– Me har vore med på alle friidrettane og vunne alt utanom høgde så langt. Og så kjem me til å vinne stafetten, heilt klart.  

Ina Støyle Rasmussen (11) frå Lårdal (t.v.), Ingrid Stigen Byggland (12) Høydalsmo og Mari Årlid (12) frå Høydalsmo.

– No ligg me vel rundt topp tre i friidretten. Det blir spennande å sjå på stafetten. Me har øvd mykje på veksling. Ina og Ingrid skal springe to etappar kvar, fordi me var for få.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekhlas Raslan Khalifa (12) og Ferdos Idrahim Mhfud (13) frå Dalen.

– Me er berre med som heiagjeng i dag. Det er litt vått og kaldt.