Kviteseid hornmusikk spela «Noreg i raudt, kvitt og blått» då kanalbåten M/S Victoria kom inn til brygga.
Kviteseid hornmusikk spela «Noreg i raudt, kvitt og blått» då kanalbåten M/S Victoria kom inn til brygga.

Regnfull, men varm velkomst

Mange reknar sommaren som komen når kanalbåten kjem inn Sundkilen. Laurdag regjerte regnet, og sommaren let vente på seg. Men folket møtte likevel trufast opp på bryggja i Kviteseid for å ta i mot M/S Victoria.

Medan gjestene, kledd i regntøy eller med paraply, måtte vente nokre minuttar ekstra på ein forseinka kanalbåt smaka det med kake og kaffi på bryggjekanten tonesett av ulike marsjar frå Kviteseid hornmusikk.

Alt ute ved svingbrua, Sundkil bru, var folk møtt fram for å vinke dei fyrste gjestene opp Telemarkskanalen velkomne.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Kviteseidbyen stod ordførar i Kviteseid, Tarjei Gjelstad, klar med blomar og ei helsing til kaptein Arnold Nomme, som la kanaldronninga M/S Victoria trygt til bryggja for fyrste gong denne sesongen.

– Det er godt å vere i gang med sesongen att, smilte ein nøgd kaptein Nomme.

Medan eit godt knippe med kanalgjester gjekk av båten, retta ordføraren også merksemda mot den nye flotte gjestebryggja som nå er klar for å ta i mot mange båtgjester denne sommaren.

M/S Victoria
M/S Victoria
Ordførar i Kviteseid Tarjei Gjelstad og kaptein Arnold Nomme.
Ordførar i Kviteseid Tarjei Gjelstad og kaptein Arnold Nomme.
Mange hadde møtt fram då kanalbåten M/S Victoria kom til Kviteseid.
Mange hadde møtt fram då kanalbåten M/S Victoria kom til Kviteseid.
M/S Victoria på veg ut Sundkilen.
M/S Victoria på veg ut Sundkilen.
Kaptein Arnold Nomme losa kanaldronninga trygt inn til Kviteseid.
Kaptein Arnold Nomme losa kanaldronninga trygt inn til Kviteseid.