Dagleg leiar i JV Skanska og TT Anlegg, Oddmund Hansen (t.v.), konserndirektør for kraftproduksjon i Statkraft, Hilde Bakken, og Eirik Spilling, marknadssjef i TT anlegg med Songa dam i bakgrunnen.
Dagleg leiar i JV Skanska og TT Anlegg, Oddmund Hansen (t.v.), konserndirektør for kraftproduksjon i Statkraft, Hilde Bakken, og Eirik Spilling, marknadssjef i TT anlegg med Songa dam i bakgrunnen.

Rehabiliterer Songa og Trolldalen

Før helga blei det klart at Statkraft skal rehabilitere dammane på Songavatn i Vinje. Arbeida vil i hovudsak omfatte plastring av nedstraums dam-sider og dam-kroner. Byggjestart blir i august, og prosjektet skal vera ferdig i oktober 2020.

Kontrakten til ein verdi av 270 millionar kroner blei signert med Skanska og TT anlegg ved Songadammen torsdag. Entreprenørane skal gjennomføre prosjektet i eit 50/50 arbeidsfellesskap, og Statkraft seier i ei pressemelding at dei ser fram til eit godt samarbeid med to kompetente entreprenørar.

– Dei to dammane, som blei bygt som ein del av Tokkeutbygginga mellom 1958 og 1962, skal få dam-sidene sikra ved hjelp av plastring med naturstein. For å gjennomføre prosjektet blir det etablert eit nytt steinbrot i nærleiken av dammane. Frå steinbrotet vil det bli henta ut rundt 450 000 kubikkmeter med naturstein. Etter at arbeidet er ferdig, skal terrenget der steinbrotet skal vera bli ført tilbake til sin opphavlege stand, skriv kommunikasjonsrådgjevar i Statkraft, Anita Lærum i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utvidar og fornyar

I tillegg til arbeida med dammane skal det byggast eit nytt lekkasjemålehus, eit nytt lukehus, lufttilførsel til lukekammer og ny terskel i flomkanalen ved Songa. Ved Trolldalen kjem det òg nytt lekkasjemålehus, samt at tunnelopninga skal sikrast.

Det blir etablert ein rigg med brakker og verkstad, anleggsvegar og mellomlager for masse.

– Statkraft vil jobbe for, så langt det er praktisk gjennomførleg og forsvarleg, at ulempene for ålmenta blir så små som mogleg, skriv Lærum.

Songavegen blir halde open for allmenn ferdsel i anleggsperioden, men kan bli stengt i kortare periodar dagleg eller med trafikkregulering mellom Songa og Trolldalen. Arbeidet på dammane vil ikkje få konsekvensar for vasstanden i Songavatn.