Reinsjeger med hoggorm under jaktsekken
Jakta førre fredag blei ikkje heilt slik reinsjegeren hadde håpa på under jakta i Fyresdal. Det blei vilt – men ikkje på den måten han var ute etter.
Det er ikkje alltid jakta på hjortevilt går slik ein kunne tenkje seg. Vel, hjortevilt kunne det blitt tidleg, då jegeren frå Nissedal ein morgon i grålysinga byrja køyreturen på det som etter kvart skulle ende i parkering midt i eit jaktterreng i Fyresdal.
Ei rådyrgeit kryssa over vegen framom bilen, men ein god porsjon morgonkaffi var nok medverkande til at sjåføren raskt oppfatta situasjonen. Kjem det fleire, tenkte han, og bremsa endå meir ned. Det skulle vise seg at eit kje hadde lyst til å fylgje mor si, noko vårens nybakte kan takke ein jeger bak eit bilratt og i bremsemodus for at det framleis blir høve til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit forferdeleg leven
Seinare på køyreturen viste det seg at ein elgkalv gjekk og sulla for seg sjølv like utanfor vegen. Mora var ikkje og sjå, og den vesle som hadde gått over frå raud- til nokså vanleg elgfarge fortsette med å tusle litt av stad. Kanskje kunne det vere kalven til ei elgku som blei køyrd i hel nokså nyleg i området. I eit slikt ulykkestilfelle nyttar det ikkje med argument om at ein skulle ha tatt kalven fyrst.
Vel oppe på heia og i det som skal vere reindyrterreng, viste kvar tilbakelagte kilometer at her var det reint for slikt hjortedyr.
Midt på dagen måtte jegeren opp eit temmeleg bratt fjell der det også var noko lyng og bjørkekratt. Plutseleg blei det eit forferdeleg leven like framom han. Noregs største fugl hadde blitt forstyrra under kvilen, og tok ut med eit kaotisk vengebruk som gav pulsslag meir enn nok for ein annan like ved. Ørna kom seg til slutt forbi bjørkekratt og eit par furuer som hadde sett sine beste dagar, og den tobeinte kom seg etter kvart såpass at oppturen kunne fortsette.
Ormar i form
Utpå ettermiddag møtte jegeren ein jaktkamerat, og dei gjekk saman eit stykke før det var tid for ein pause. Jegeren la sekken ned i lyngen. Så melde kameraten: «Du har trakka over ein hoggorm …» I solsteiken var sistnemnde i storform, og med tunga vibrerande i eit viss tempo styrde den lange rett mot sekken og jegeren. Då blei det fart på den tobeinte, og raskt treiv han sekken og skunda seg bort nokre meter til der det berre var fjell og god oversikt. For kanskje kom ormen tilbake?
Kameraten hoia til. Like ved var det ei gran, og fram frå kvistane nede ved bakken spratt det ut ein jase. Triveleg innslag etter det veldig utrivelege like før.
Jegeren blei tørr i kjeften av å stadig bli skremd. Han måtte leske strupen, og lyfta sekken opp frå fjellknatten. Då får han eit nytt sjokk – det ligg ein annan hoggorm under sekken! Og denne er i minst like god form som den førre. Korleis kunne den kome der? Båe jegerane hadde jo full oversikt på bergknatten, og der hadde dei ikkje sett nokon orm lure seg bort til sekken.
Kunne ormen ha lege i lyngen og blitt hengande i reimar eller noko anna då sekken blei flytta ved det fyrste ormangrepet? Eller hadde ormen kome inn i sekken tidlegare på dagen og vore blindpassasjer i timevis? Er det fleire ormar ved sekken – er det nokon som har åla seg inn i produktet som er meint for eit heilt anna kjøtslag?
Raskare enn ormen
Sekken måtte tømast, og alt inne der måtte ut, på berget. Jaktkameraten heldt seg på avstand, så svaret gav seg sjølv om ein skulle vere så optimistisk og spørje om hjelp derfrå. Broren til jaktkameraten hadde trakka på tre hoggormar samtidig laurdagen før, kanskje derfor avstanden mellom dei denne fredagen og på dette tidspunktet blei langt større enn vanleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit kamera i sekken gjorde at det ikkje var bare å snu han rundt og tøme alt ut på fjellet. Fotoapparatet måtte takast ut fyrst, men om det er hoggorm der?
Jegeren skal vere glad for at seansen som fylgde ikkje blei tatt opp på video. Men det skal i alle fall jegeren ha – reaksjonen inn og ut av sekken for å hente kameraet hadde ingen hoggorm i verda klart å gjere raskare ved sine angrep. Sjølv om solsteiken hadde hjelpt til aldri så mykje.
Ei god risting av sekken førte ikkje til at det ramla ut nokon orm, men det fekk då vere visse grenser også. Og éi grense fekk han merke ved heimkomst til kona og dagens spesielle historie hadde blitt fortald – den sekken var ikkje velkomen til å vere innandørs …
Knøsen