Reklamerer for skulen sin
Sjå video: Tredjeklassingane på medie- og kommunikasjonslina i Seljord fekk ei avansert bestilling frå skuleleiinga: De skal gje ungdomar lyst til å velje Vest-Telemark vgs.
Meir konkret var bestillinga noko slikt: Lag ein reklamefilm for Vest-Telemark vidaregåande skule. Vis fram kva me driv med, og livet på skulen.
Og det har tredjeklassingane no gjort. Dei har laga ein film full av ungdommeleg energi, som viser essensen av livet på den vidaregåande skulen. Ikkje ein informasjonstung og traurig video, men ein liten smakebit på elevlivet og miljøet.
Artikkelen held fram under annonsen.
(Saka held fram under videoen)
– Dei har fått fram veldig mykje smil og glede, seier avdelingsleiar for media og kommunikasjon, Svein Aasan.
Elevane har bruka både skuletid og mykje fritid på prosjektet. Medan filmgruppa har laga reklamefilm, har fotogruppa laga brosjyrar for dei to linjene i Seljord: Media og kommunikasjon, og restaurant- og matfag.
– Treng truverdig marknadsføring
For nokre veker sidan var det sein-premierevisning av filmen, der rektor Tove P. Haavelmoen var til stades saman med elevar og lærarar.
Sidan 2. januar har Vest-Telemark vidaregåande vore ein regionskule med ei avdeling på Dalen og ei i Seljord, etter at Vest-Telemark vgs overtok Seljord-avdelinga frå skulen i Bø.
– Det er viktig på så mange måtar. Og då treng me truverdig marknadsføring. Det får me når filmen er laga «frå innsida», altså av dykk. Det de har laga her betyr enormt mykje for skulen, sa Haavelmoen til elevane under filmframsyninga for to veker sidan.
Så drog ho fram ei symbol på takksemda: 10 000 kroner til medieklassa, øyremerka til klassetur.
Filmen er no sett over 9000 gonger på Facebook og har også blitt vist til dei aller fleste 10. klassingane i Vest- og Midt-Telemark i haust.