Rekord for veteranane
Med rekordhøgt deltakartal feira Sjøormløpet 20-års jubileum laurdag. 240 køyretøy stilte til start. Blant deltakarar frå heile Sør- Noreg markerte vest-telemarkingane seg sterkt på postane langs ruta og sikra tredobbel heimesiger.
Rundt 240 veterankøyretøy stilte til start i jubileumsløpet. Det tyder ny deltakarrekord og arrangøren Vest-Telemark Motorhistoriske klubb var stornøgd med dagen.
Vêret er perfekt, deltakarane er mange og me har alt under kontroll, forsikra løpssjef Titten Øygarden minuttar før start.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stilig skode
På Dyrskuplassen trilla dei inn som perler på snor laurdag morgon. Stolte som hanar over nypolerte bilar, helsa veteranbilentusiastane på vener og kjente. Veteranbilmiljøet er ikkje større enn at dei fleste kjenner kvarandre.
To som stortreivst i solskinet på Dyrskuplassen før start var Karin og Glenn Kristiansen frå Oslo.
Dette er sjuande eller åttande gongen me deltek i Sjøormløpet. Me har fast rom på Morgedal Hotell og kjem garantert att neste år, seier Glenn Kristiansen. Paret er med på om lag 6 løp i året, men Sjøormløpet er det einaste løpet dei er med på kvar sommar.
Stoltheita hans er ein MG-TD 1953- modell. Kristiansen kjøpte han for ti år sidan.
Eg drøymde om ein MG då eg var 18 år. Draumen blei fullbyrda då eg kjøpte denne, seier veteranbilentusiasten.
Han har også ein Buke Cabriolet som svigerfaren i si tid kjøpte ny i 1935.
Eg brukar mykje tid på bil og gjer alt sjølv. Gamle bilar har ein enkel mekanikk som gjer at dei faktisk kan reparerast, seier Glenn Kristiansen.
Noreg rundt i bil
Glenn si interesse for gamle bilar har smitta over på kona Karin, men ho understrekar at det er Glenn som er den ivrigaste.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me får mange flotte turar rundt i landet og får sett både kultur og natur. På Vestlandet har me opplevd at gamle vegar har blitt opna for særskilte veteranbilløp og slik har me fått høve til å oppleve dei mest interessante stader som elles er lukka for publikum, forklarar Karin. Ho synest veteranbil er ei interesse for heile familien og fortel at barnebarna ofte er med på tur.
Dei kan ikkje få fullrost miljøet blant veteranbilfantastane.
Dersom éin har problem med bilen strøymer alle til for å hjelpe, smiler Glenn Kristiansen.
Unge arvtakarar
Tolv år gamle Herman Werner Gautefald frå Bærum er ikkje i tvil om at veteranbil er tingen. I bestefar Paul Gautefalds A-Ford frå 1929 tronar han bak rattet før start. Han avslørar at han håpar å arve bilen med tid og stunder.
Det er dette som er bil, kommenterer Herman. Han fortel at hjula er tynne og at det i enkelte svingar kan virke litt skummelt å køyre ein 74 år gamal bil, men fortel at han aldri er redd.
Bilen har ein nydeleg fasong og bestefar har lært meg dei tekniske grunnprinsippa, seier Herman.
Sterk innsats av vesttelane
Løya gjekk frå Dyrskuplassen til Hjartdal. Undervegs skulle køyretya innom seks postar.
Deltakarane frå Vest-Telemark markerte seg kraftig og kapra dei tre fyrste plassane i tevlinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Suveren vinnar var Trond Gaastjønn frå Vinje med 14 prikkar. Han køyrde ein Opel Olympia 1952-modell.
Det er eit svært imponerande resultat, seier Åsmund Bringsås, leiar i Vest-Telemark Mtorhistoriske klubb.
På andreplass kom Glenn Arild Haugen frå Flatdal med ein Ford Taunus 12 M 1964-modell. Haugen enda opp med 26 prikkar.
Gunnar Hermansen frå Edland kom på tredjeplass med 28 prikkar. Hermansen stilte til start med ein Chevrolet Club Sedan 1930-modell.
Ny frisk
Etter eit vellukka arrangement kan Åsmund Bringsås og resten av klubben puste letta ut.
Me er ein liten klubb og dette er eit stort arrangement, men alt har gått etter planen, konstaterar Bringsås.