Rekordomsetning i krisetider
Trass i at det var økonomiske krisetider handla folk i fjor meir enn nokosinne på Telesenteret i Seljord. Totalt blei det omsett varer for 111 millionar kroner, ein auke på 12,1 prosent samanlikna med 2007.
Senterleiar Dag Christiansen karakteriserer rekordomsetninga som eventyrleg. I 2007 blei det omsett varer for 98,9 millionar kroner. I 2008 blei 100 millionarsgrensa passert, og totalt viste kassaapparata ei omsetning på 111 millionar kroner. 12,1 prosent auke er solide tal. Landsgjennomsnittet viser ein auke for varehus på 1,3 prosent, som i praksis er ein nedgang om ein tek med prisauken.
I byane er trenden at folk er lei dei største sentera med mykje folk og vanskeleg tilgjenge. Her har me eitt senter, og det ser ut som folk trivst godt. Me har ein god mix av butikkar og god service og kundebehandling, meiner Christiansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Intersport har hatt den største prosentvise auken. Jernia, som er kåra til årets butikk på senteret, Seljord Radio & TV og polet har også hatt solid auke i omsetninga. I kroner og ører er det senterlokomotivet Meny som har auka mest.
Fleire kundar
422.000 kundar besøkte Telesenteret i 2008, dette er 40.500 fleire enn året før, viser innslag på kassene.
Me er heldige som har Dyrskuplassen, seier Christiansen og legg ikkje skjul på at festivalane om sommaren og Dyrskun er viktig for handlesenteret.
Me sleit før me bygde om på senteret i 2007, men dei to siste åra har vore eventyrlege, seier Christiansen.
Finanskrisa har ikkje slått inn som frykta. Senterleiaren trudde på ein omsetningsauke på kring fem prosent, men blei usikker då renta steig og steig. Men med resultatet i handa kan han smile.
For vanlege folk som ikkje har mista jobben har nok ikkje lommeboka blitt noko tynnare i finanskrisa, trur Christiansen, som legg til at jolehandelen byrja seinare i 2008, men tok av då renta gjekk ned.
Korleis er det med handelslekkasjen?
Me veit at Bø-senteret har ein del kundar frå Seljord, men me har også mange kundar frå heile Vest-Telemark, seier Christiansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utvidar
Utvidingsplanane ved Telesenteret nærmar seg realitet. Med framtidig konkurranse frå Rema 1000 som nabo, vil det bli ein ny ekstra inngang på baksida av Telesenteret, mot Ingrid Slettens veg. Meny vil dessutan få lengre opningstider for å møte konkurrenten som opnar butikk i haust. Det vil også bli nye parkeringsplassar i tilknyting til den nye Meny-inngangen som truleg står klar før sommaren.
Det er viktig å utvikle ein fasade mot Ingrid Slettens veg, som er inngangsporten til Seljord, seier Christiansen.
Men sjølve utvidinga av Telesenteret blir gjort på framsida. Kring 1.500 rutemeter er tenkt tatt av parkeringsplassen til nye butikkar. Kor mange er avhengig av kven som kjem, men Christiansen seier det er interessentar, og håpar på å få inn nokre kjedar.
Me saknar herre- og dameklær, skobutikk og frisør for å nemne noko, seier Christiansen.
Senteret har fått positive signal frå kommunen, og Christiansen håpar «nye» Telesenteret står klart neste år.