Blide og nøgde VTB-tilsette etter at rekordopplaget blei kjent i går.
Blide og nøgde VTB-tilsette etter at rekordopplaget blei kjent i går.

Rekordopplag - 5883

Vest-Telemark Blad har nå eit opplag på 5.883. Auken i 2000 var på 144. – Eg hadde rekna med ein auke, men at det skulle bli på heile 144, var uventa, kommenterer redaktør og disponent i VTB, Johannes Skarprud. – Utan den fantastiske innsatsen til dei tilsette, hadde ikkje VTB hatt den posisjonen i vestfylket som avisa har, seier leiaren i VTB-styret, Olav Moen.

Johannes Skarprud seier at VTB har trugne lesarar. Han legg ikkje skjul på at han hadde venta ein auke, men ikkje så mykje som 144.

– Det verkar på meg som at når folk først har tinga avisa, så beheld dei ho. Som i 1999 hadde me også i fjor telefonsal-kampanje. Me fekk nok fleire nye tingarar i 1999, men då var det større svingingar i opplaget enn i fjor. Så her er det nok stabiliteten på lesarane som har slege positivt ut. Elles trur eg lesarane ser på VTB som ein naturleg del av dagleglivet. Sjølv om lesarane meiner mangt og mykje om avisa, trur eg dei ser på VTB som ein møteplass når det gjeld informasjon, seier Skarprud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opplag på 6.000

Johannes Skarprud meiner at eit opplag på 6.000 ikkje er noko urealistisk mål.

– Når me det, vil det vere ein stor milepæl for avisa, slår han fast.

Og med den auken VTB har hatt dei siste åra, kan eit opplag på 6.000 vere realistisk om få år. Det er i kommunane Seljord og Nissedal det er mest å hente, for her er VTB sin dekningsprosent lågast. Dei andre kommunane i Vest-Telemark ligg ganske jamt med ein dekningsprosent på kring 70.

4. størst

Varden var den største taparen i fjor med ein nedgang på heile 723 tingarar. Avisa har no eit opplag på 31.389, og det er 8.968 fleire enn Telemarksavisa som plussa på med 278 nye tingarar i 2000. Porsgrunns Dagblad ligg på 3. plass i Telemark med eit godkjent opplag på 6.420, ein pluss på 53.

VTB gjekk forbi Telen med 35 tingarar i 2000, og ligg no på 4. plass i Telemark. Telen sitt godkjende opplag i 2000 var 5.848, ein pluss på 9. Kragerø Blad Vestmar sitt godkjende opplag er på 4.599, ein minus på 66. Rjukan Arbeiderblad sitt godkjende opplag er på 2.502. Det er ein minus på 36. Bø Blad gjekk fram frå 2.117 tingarar til 2.212. Drangedalsposten sitt godkjende opplag i 2000 er på 1.458, ein auke på 72.

VTB nest størst

Som i 1999 er det Aker Avis/Groruddalen som toppar LLA-lista med eit godkjent opplag på 15.812 som er ein nedgang på 281. VTB held 2. plassen, medan Vestlandsnytt inntar 3. plassen med eit opplag på 5.446, ein pluss på 26 i høve til året før. Prosentvis auka Lierposten mest, 25,1 prosent.

Tolleg bra årsresultat for VTB

Vest-Telemark Blad auka i fjor inntekta med om lag 7 prosent, medan utgiftene auka med 5,7 prosent. Annonseinntekta auka med 4 prosent, noko mindre enn budsjettert. Johannes Skarprud seier at konkurransen om annonsene er aukande.

– Me hadde i 2000 eit årsresultat på det jamne. Og sjølv om me ikkje oppnådde det store overskotet, er VTB ei solid verksemd, og med lita gjeld. Verksemda sysselset i alt 19 personar som utfører 16 årsverk, fortel Skarprud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ros til dei tilsette

Styreleiaren i VTB, Olav Moen, er kjempenøgd med opplagsauken.

– Dette er eit resultat av ståpå-vilje av dei tilsette. Alle som ein gjer ein kjempeinnsats. Difor er det grueleg artig at opplaget skyt i vêret. Me har vore igjennom ein omstillingsfase med store investeringar både i nybygg og maskiner. No har me i tillegg til opplagsauken òg greidd å snu eit dårleg driftsresultat til det positive. Dermed kan me igjen byggje opp eigenkapitalen me har vore hard med dei siste åra, seier Moen.