Rekrutteringa kan bli forsinka av kommunestyrevedtak
Alle ledige stillingar, med unntak av skule, barnehage og turnus, skal vurderast av administrasjonsutvalet før dei eventuelt blir lyst ut. Det kan skape utfordringar.
Det var i samband med budsjettbehandlinga før jol i fjor at eit fleirtal i kommunestyret i Seljord vedtok at administrasjonsutvalet skal vurdere stillingsheimlar før ny tilsetting. Vedtaket omfattar ikkje lærarstillingar, barnehagepersonell eller helsepersonell som går i turnus. Bakgrunnen for vedtaket er den økonomiske situasjonen i kommunen. Førre fredag møttest administrasjonsutvalet for fyrste gong etter desembermøtet, og då låg det tre saker omfatta av vedtaket på bordet: ledig stilling som kommunalsjef for helse og omsorg, personalkonsulent, og stillingsheimlar ved helsesenteret.
– Vedtaket i desember gjev nokre signal til rådmannen. Det er normalt at dagleg leiar i ein organisasjon tilset dei personane ein treng. Her har eg fått ein innskrenka mynde frå kommunestyret. Det må eg respektere og forhalde meg til, men det er eit signal, sa rådmann Finn-Arild Bystrøm, då saka om å tilsette ny personalkonsulent blei diskutert.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg oppfatta ikkje vedtaket frå kommunestyret som mistillit, men eit signal til avdelingane at meogså ser på administrasjonen, understreka Jon Svartdal (H), som ikkje var framand for tanken om å oppheve vedtaket.
Går utover effektiviteten
Beate Marie Dahl Eide (Sp) undra på kva konsekvensar vedtaket frå kommunestyret kunne få, og om møtefrekvensen til administrasjonsutvalet kunne gje praktiske utfordringar når nye folk skal tilsetjast.
– Vil det forseinke rådmannen i arbeidet? spurte ho.
– Møtefrekvensen går utover effektiviteten. Det er naturleg at folk har problem med å vente i 3–4 månadar på ein jobb når alt er klart. Om me til dømes no (tilsetting av personalkonsulent red. merk) måtte ha venta til neste veke, kunne ein annan arbeidsgjevar «catcha» den personen me har gjeve eit tilbod. Me hamnar i ein vanskeleg situasjon for å rekruttere dei beste folka, sa Bystrøm, og la til at han helst såg for seg både ein hyppigare og meir fleksibel møtefrekvens i administrasjonsutvalet for å løyse utfordringane.
Vidareført
Administrasjonsutvalet vedtok å «gjennomføre tilsetting i den ledige stillinga som personalkonsulent». Same konklusjonen blei det i saka om ny kommunalsjef etter Kari Gro Espeland som skal bli ny samhandlingskoordinator i Vest-Telemark.
Dei to vakante 60-prosent-stillingane ved avdeling for helsetenester blir også vidareførte. To personar på helsesenteret har sagt opp i samband med oppnådd pensjonsalder. Dette er stillingar som ikkje er omfatta av turnus og derfor hamna saka i administrasjonsutvalet.
Ny personalkonsulent
Amalie Bjerke Gravir (28), opphavleg frå Fjågesund, men busett i Bø, er tilsett som ny personalkonsulent i Seljord kommune. Ho overtek jobben etter Tore Åsland. Gravir er utdanna organisasjonspsykolog.
Personal- og organisasjonssjef Ingeborg Nenseter Jensen uttala i administrasjonsutvalsmøte nyleg at personalkonsulenten mellom anna står for den daglege drifta på avdelinga. Rådmann Finn-Arild Bystrøm sa at stillinga er svært viktig, mellom anna i ljos av den nye personvernføresegna som kjem i løpet av våren.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Desse kjem til å setje store krav til oss, som til alle andre, uttala rådmannen i møtet.