Revisjonstilrådingar på timeplanen
I ein rapport om grunnskuletilstandane i Nissedal kommune tilrår Telemark kommunerevisjon ein god del forbetringar.
Etter mobbesaka som kom fram ved Tveit skule i Treungen og i tråd med plan for forvaltingsrevisjon, har kontrollutvalet i Nissedal fått hjelp av Telemark kommunerevisjon IKS til å lage ein rapport om ressursbruk og kvalitet i grunnskulen i kommunen. Rapporten rettar fokus mot skuleleiing, tilpassa opplæring, undervegsvurdering, psykososialt læringsmiljø, samarbeid skule-heim og ressurssituasjonen i skulesektoren.
Telemark kommunerevisjon har i rapporten kome med 13 tilrådingspunkt som ein bør jobbe vidare med. Nissedal kommunestyre bad i sist møte kommuneadministrasjonen vurdere tilrådingane frå revisjonen og gje attendemelding til kommunestyret innan seks månader.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etterlyser skulesamarbeid
Varaordførar Øyvind Tveit (KrF) var ein av dei som sa seg nøgd med at rapporten blei laga.
Det står mykje alvorleg i rapporten, samtidig som eg gler meg over mykje som fungerer. At me har så mange elevar som får spesialundervising kan prege det psykososiale miljøet. Eg håper rådmannen får ein god dialog med alle partane i skulesaka framover. Vidare vil eg gje ros til rådmannen for arbeidet som no blir gjort for å førebyggje mobbing, sa Tveit.
Kari-Anne Nordbø (Sp) fann det veldig beklageleg at det hadde vore svært lite samarbeid mellom skulane i kommunen.
Kommunestyret må gje veldig tydelege styringssignal til skulane framover. Eg ser fram til å få saka tilbake, sa Nordbø.
Rapporten avdekkjer at me har ein del å jobbe med og stadfester ryktet om at det er for dårleg dialog mellom skulane. Eg er glad for undersøkinga som er gjort. No må det jobbast med problemstillingane, sa Astrid Eidem Nordal (KrF).
Ordførar Anne-Nora Oma Dahle (Sp) påpeika at det ikkje måtte skapast forventing om at alle problema er løyst om seks månader.
Det er viktig at skulen får tida, sa ho.
Det ser ut som det var nødvendig at kontrollutvalet greip inn i mobbesaka. Revisjonsrapporten er alvorleg, men eg er glad for at han kom. Rapporten var nødvendig, elles kunne saka ha utvikla seg svært alvorleg. Eg blir verkeleg forskrekka om det ikkje går framover no, seier kontrollutvalsleiar Torleif Skåli til VTB etter at Telemark kommunerevisjon har sagt sitt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Misnøgde
Revisjonen registrerer at det i to år var ei mellombels ordning der grendeskulane har mangla forsvarleg fagleg og pedagogisk leiing. Vidare har skuleeigar ved administrasjonen mangla tidsressursar og skulefagleg kompetanse til ei kvalitetsmessig god handtering av skuleeigarrolla. I den nemnde perioden måtte rektor ved Tveit skule også vere rektor for grendeskulane.
Grendeskulane har meldt tilbake om at rektor og leiinga har vore lite til stades dei to åra, og det har vore stor misnøye med den mellombelse ordninga.
Fleire ved grendeskulane har opplevd samarbeidet og kommunikasjonen med konstituert rektor og einingsleiar for grendeskulane som vanskeleg. Det har vore samarbeidsproblem i eininga for grendeskular, både av organisatorisk og personleg karakter. Rektor har ikkje halde seg fortruleg med den daglege verksemda på grendeskulane og arbeidt for å vidareutvikle verksemda, konstaterer kommunerevisjonen.
Ei lærarundersøking ved Tveit skule og Nissedal ungdomsskule våren 2010 viser at dei er nøgde med rektors evne til intern styring og kontroll. Lærarane er nøgde på fleire område, men dei meiner rektoren kan bli betre til å leie undervisingsarbeidet og drive fagleg rettleiing av lærarane. I tillegg ser det ut til at rektor kan bli endå betre til å styre utviklings- og endringsprosessar, har revisjonen notert seg.
Mobbing
Frå undersøkinga blant foreldre våren 2010 svarar eit fleirtal at dei er nøgde med barnets sosiale utvikling på skulen, medan eit mindretal ikkje er nøgde.
Relativt mange foreldre synest at skulens leiing og lærarane ikkje handterer mobbing av elevane på ein god måte.
I undersøkinga blant elevane frå femte til tiande trinn våren 2010 svarar fleirtalet at dei ikkje blir mobba ved skulen. Fleirtalet seier dei ikkje mobbar, eller at dei har gjort det ein sjeldan gong. Nokre har fortald at dei blir mobba ved skulen fleire gonger i veka, og nokre elevar har ein sjeldan gong kjent seg mobba av ein eller fleire lærarar.
Rektor opplyser til revisjonen at det ikkje er meir mobbing ved Tveit skule enn det er på ein gjennomsnittleg skule. Vidare seier rektor at måten tema omkring mobbesaka har vore handtert på av dei ulike partane, kanskje ikkje har vore det beste. Han opplyser at det blir arbeidd for eit godt psykososialt miljø i alle klassene ved skulen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Både elev-, foreldre og lærarundersøkinga skjedde ved skulen i Treungen.
13 tilrådingar
Her er nokre av dei 13 tilrådingspunkta som Telemark kommunerevisjon har kome med.
* Som ein del av kvalitetssystemet bør skuleeigar utvikle felles rutinar for å gjennomføre og fylgje opp resultata frå elev-, lærar- og foreldreundersøkingar.
* Samarbeidet mellom rektorane i kommunen bør vidareutviklast, og dei bør utarbeide felles faglege og pedagogiske føringar for skulane i Nissedal. Ein bør handsame framgangsmåten for å nå kommunens målsettingar for sektoren.
* Leiinga i skulesektoren bør leggje til rette for auka faglærarsamarbeid på tvers av skulane.
* Tveit skule/Nissedal ungdomsskule bør vurdere tydelegare undervisingsleiing og meir fagleg rettleiing av lærarane innan tilpassa opplæring. Rektorane for grendeskulane bør sørgje for å finne ut om dette også gjeld dei.
* Kommunens mål om å førebyggje mobbing i skulen med å utvikle positivt sjølvbilete og gode sosiale evner bør koplast til skulane sitt arbeid for eit godt psykososialt læringsmiljø og fyllast med innhald.
* Skuleeigar bør i større grad sikre kvalitet i skulanes arbeid med å utvikle sosial kompetanse.