Runar tok ungdomstrøya
Runar Skaug Mathisen avslutta langløpscupen på rulleski med 10. plass i kamp mot heile verdseliten.
– Det var absolutt verdt turen til Italia, seier Runar Skaug Mathisen på telefon frå flyplassen i München.
Skimekkaet Val di Fiemme var staden for det fjerde og siste rennet i langløpscupsserien på rulleski, «Guide World Classic tour». Dei 50 kilometrane inneheldt både avslutninga av vinterens klassikar Marcialonga og klatringa opp monsterbakken som kvart år avsluttar Tour de Ski.
Artikkelen held fram under annonsen.
Røthe opna ballet
Vinbyggjen var med i kampen om sigeren heilt til den avsluttande stigninga.
– Me var 25 løparar før den avsluttande bakken. Fram til då gjekk det kontrollert, men i bakken eksploderte feltet. Sjur Røthe opna ballet oppover og då gjekk det verkeleg fort, fortel Mathisen.
I motsetning til langløpa på vinteren blei beina godt brukt i diagonal stil opp bakken og Mathisen meiner han hadde ein fordel av at han som allroundløpar ikkje berre trenar staking. Til slutt enda det med ein 10. plass med sterke namn som Anders Aukland og Andreas Nygaard bak seg på lista.
– Det er kjempeartig. Det er godt å vise at ein kan vere med stabilt i toppen heile sommaren, og at 5. plassen i det fyrste rennet under Blink-festivalen ikkje var eit blaff.
Den russiske OL-medaljøren Ilia Chernousov vann rennet, framfor Morten Eide Pedersen og landslagsløpar Sjur Røthe. Mathisen var 1,08 bak vinnar Chernousov i mål på toppen av monsterbakken som 24-åringen vel å samanlikne med ein kjent bakke for vesttelar flest.
– Den var litt som Eidsborgberget. Me gjekk opp ein veg ved sida av alpinbakken dei går opp under Tour de Ski, fortel han.
7. plass samanlagt
På startstreken i den italienske VM-byen frå 1991, 2003 og 2013 hadde Mathisen på seg den rosa ungdomstrøya, og den klarte han å ta med heim til Vinje.
– Det var veldig viktig å ta med seg trøya. Artig å få vist seg litt fram og moro å vere ein «up and coming» mann, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Samanlagt i heile cupen, blei det ein sjuandeplass for Team Telemark-løparen. Morten Eide Pedersen vann totalt. Nå ber det rett på samling med Team Telemark på Rauland frå i morgon ettermiddag for Runar Skaug Mathisen.