Jon Holm er klar for å starte med produksjon av den tradisjonsrike russiske retten Pilmeni. I september håpar han produksjonen kan byrje i lokalet på Århusmoen i Seljord.
Jon Holm er klar for å starte med produksjon av den tradisjonsrike russiske retten Pilmeni. I september håpar han produksjonen kan byrje i lokalet på Århusmoen i Seljord.

Russisk mat kan skape arbeidsplassar

Jon og Nadia Holm planlegg produksjon av den russiske tradisjonsmaten Pilmeni på Århusmoen i Seljord. Dei trur etableringa kan skape 25 nye arbeidsplassar i kommunen. Jon Holm håpar produksjonen kan byrje i september og at Pilmeni, som frosenmat, kan bli kjøpt i butikkane frå oktober.

– Pilmeni smakar himmelsk. Eg smakte det fyrste gong i Russland og då var det gjort, seier Jon Holm.

Kona Nadia er sjef og produktutviklar for den russisk retten. Og det var same Nadia som introduserte Jon for retten dei nå skal produsere i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordinær Pilmeni er to tredjedelar svin- og oksekjøtt og ein tredjedel deig. Retten er opphaveleg frå Mongolia, men reknast som russisk. I Russland samlast heile familien for å lage Pilmeni, og dei brukar ein heil dag på matlaginga. Men ferdigmaten frå ekteparet Holm vil bli enklare å lage og mindre tidkrevjande.

– Ein tek det frå frysen og rett i fosskokande vatn. Etter fem minuttar er den klar til å ete, forklarar Jon Holm.

Løyndomar

I butikkane vil Pilmeni bli selt i porsjonar med 12 i kvar pakke. Prisen vil ligge kring 30 kroner.

Nadia Holm har med seg oppskrifta frå bestemora si heime i St. Petersburg. Men kva som står på dei handskrivne notata er ein løyndom.

– Nokon løyndomar må me ha, smiler Jon Holm, men avslører at det er ein smørklatt i midten.

– Me vil prøve å etterlikne den heimelaga Pilmeni så godt me kan. I Russland blir det selt frossen Pilmeni i butikk, men her blir det bruka vanleg kjøttdeig, forklarar Holm, som understrekar at Pilmenien frå Seljord vil vere kvalitet.

– Grovkverna kjøt heilt utan kunstige ingrediensar, skryt han.

Støtte frå SND

Førre torsdag blei det klart at Norsk Pilmeni AS får 750.000 kroner i støtte frå Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond (SND). SND stiller krav om ein aksjekapital på 1,5 millionar kroner. Seljord kommune bidreg med 150.000 kroner. Det krevst totalt 5,435 millionar for å starte produksjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er realistisk. Slitsamt vil det bli, men me skal få det til, smiler Jon Holm. Han og kona traff kvarandre i Russland i 1996 og gifta seg året etter. Det var i 2000 Nadia fekk idéen om å lage Pilmeni i Noreg og selje det. Dei prøvde fyrst i Odda, der Jon er frå. Men kommunen hadde ikkje tru på prosjektet. Det hadde derimot Seljord.

– Bygda ligg perfekt til mellom Oslo og Odda. Det er ei vakker bygd og ei hjelpsam kommuneleiing med Edvard Mæland i spissen, fortel han, og legg til;

– I Odda sa dei det var umogleg, så me gjorde det i Seljord, gliser ein fornøgd Holm.

Fyrste utanfor Russland

Han har store planar for produksjonen som han håpar tek til i september. I fyrste omgang vil det vere snakk om fem til sju arbeidsplassar. Men på sikt ser han for seg at opptil 25 personar kan jobbe på Århusmoen.

Produksjonen i Seljord blir den fyrste utanfor Russland, og eit testpanel har teke godt imot retten.

– I ei marknadsundersøking med 320 spurde personar fekk retten 4,11 på ein skala frå 1-5, seier Holm.

– Kva kan Pilmeni samanliknast med?

– Utsjånaden kan minne om Tortellini. Men smaken er heilt unik, svarar Holm.

Artikkelen held fram under annonsen.

I framtida kan det hende det blir Sjøorm-Pilmeni eller Dyrsku-Pilmeni.

– Spennande

Seljordordførar Edvard Mæland har tru på Pilmeni-prosjektet, og karakteriserer det som spennande. Han har sjølv smakt den russisk retten.

– Pilmeni er godt, det kan eg skrive under på. Dette må vere perfekt for dei som ikkje er flinke på kjøkkenet. Til og med far kan lage det, seier Edvard Mæland.

– Nye verksemder er positivt og gjev moglegheit for tilflytting, legg han til.