Kristi Marie Tveit, Dag Rorgemoen og Åse Marit Kleiv Dale. Midten: Gøran Moen, Tilman Hartenstein, Kristin Råmunddal, Steinar Mandt og Anne Gundersen. Framme: Gitte Ålandslid og Trond Arild Pedersen. Fråverande då bildet blei teke: Karl Endre Bjerk og Per Ormestøyl.
Kristi Marie Tveit, Dag Rorgemoen og Åse Marit Kleiv Dale. Midten: Gøran Moen, Tilman Hartenstein, Kristin Råmunddal, Steinar Mandt og Anne Gundersen. Framme: Gitte Ålandslid og Trond Arild Pedersen. Fråverande då bildet blei teke: Karl Endre Bjerk og Per Ormestøyl.

Rustar opp skieventyret på dugnad

No skal museumsdelen av Norsk Skieventyr i Morgedal bli ny etter flaumskadane i sommar.

Etter flaumen i Morgedal i sommar har museumsdelen av Norsk Skieventyr vore stengt. Denne veka tok ein stor dugnadsgjeng – i form av alle tilsette ved Vest-Telemark museum – til med å ruste opp att bygget før nyopning seinare i vinter.

– Me driv og ordnar opp etter vasskadane. Alt må tilbake på plass, og så pussar me opp litt samstundes. Me lagar nye utstillingsrom og skiftar ut trapper, målar og ryddar. Og flyttar gjenstandar. No håpar me å kunne opne att mellom februar og mars ein gong. Det er målet, seier avdelingsleiar ved skieventyret, Kristi Marie Tveit.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Nytt utstillingsrom

Måndag starta opprustinga, etter at skieventyret stengte for jola på sundag. Tveit fortel om ei strålande arbeidslyst hjå alle som hjelper til.   

– Det er veldig koseleg at me kan arbeide saman alle ihop på dette prosjektet, sidan me er på forskjellige destinasjonar til vanleg. Det har vore moro. Dei som er med er så flinke. Det er mange kreative sjeler tilsett i Vest-Telemark museum, kyter Tveit.

Det som no skal gjerast er det forsikringsselskapet ikkje dekte.

– Dei la nye golv og den slags, men no gjer me det som trengst for å gjera det skikkeleg fint att. Den største forandringa er det nye utstillingsrommet. Der skal me samle alle ski som me ikkje har hatt i utstillinga før, men som har stått på lageret. Ski, stavar og skisko. Då får me nok verdas største skiutstilling, ler ho.

Guida turar til Øvrebø

Tveit opplyser at det har gått bra med skieventyret i haust, til tross for stenginga av museumsdelen.

– Det har vore ein god sesong, sjølv om me måtte stenge i sommar. Me har sjølvsagt mista nokre grupper, men for dei som har vore innom har me vist skifilmen vår gratis. Og så har me guida ein del turar opp til Øvrebø i sommar, slik at dei besøkande skulle få ei positiv oppleving. Det har me fått veldig god respons på. Det har sjeldan vore så mykje trafikk til Øvrebø som i år, avsluttar Tveit.