Sa opp samarbeidsavtale
Kommunestyret i Tokke vedtok tysdag å seie opp samarbeidsavtala dei har hatt med Telemark Lys AS i Fyresdal. Avtala gjekk ut på at Fyresdal-bedrifta skulle stå for integreringsarbeidet med flyktningane som den siste tida har kome og dei som kjem til Tokke.
– Avtala blei underteikna på eit tidspunkt då talet på flyktningar til Tokke var lågare enn det som seinare har blitt vedteke. Det gjer at me ynskjer å gjere arbeidet sjølve, sa Tokke-ordføraren i tysdagens møte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil behalde meir
Det statlege tilskotet ligg ein stad mellom 180 000 og 220 000 kroner i året for kvar flyktning. I avtala med Telemark Lys AS gjekk 95 prosent av det årlege tilskotet til bedrifta, medan Tokke kommune berre fekk 5 prosent. Dette skal mellom anna dekke dei kommunale tenestane som flyktningane har krav på.
Tokke kommune ynskjer å byggje opp eige mottaksapparat for å handtere situasjonen.
– Men kan hende kjem me til å samarbeide med Telemark Lys AS om enkelte integreringstiltak i framtida uavhengig av at me har sagt opp avtala, sa Felland.
Avtala blei inngått i desember 2014.