Saamund og Øyfjell-barna sin dag
Fireårsdagen til Saamund Rorge Tjønn blir nok ikkje gløymt med det fyrste. Onsdag opna han den nye flotte barnehagen i Øyfjell.
For ti år sidan var det lågt barnetal her i bygda, eg minnest det bare var ein unge som søkte barnehageplass to av dei moglege vekedagane barnehagen var open. Slik er ikkje stoda i dag, med 29 barn i barnehagen er liv laga, uttala rektor ved Øyfjell oppvekstsenter, Sindre Hestdalen då han ynskte barn, foreldre og besteforeldre velkomne til barnehageopning onsdag.
Dagens bursdagsbarn Saamund Rorge Tjønn var den heldige som fekk stå for snorklypping medan ordførar Arne Vinje og rådmann Hans Kristian Lehmann heldt i kvar sin ende av sløyfebandet som symboliserte at nybygget nå var offentleg opna.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tok grep
Sindre Hestdalen gav eit historisk tilbakeblikk og mimra om signala som kom fram på foreldremøte i 2001.
Me måtte gjere grep for å halde på dei som budde her, og for å få nye familiar til å flytte til Øyfjell. Me fekk på plass gratis barnehagetilbod eitt år, det var eventyrleg dugnadsinnsats og politisk velvilje. Øyfjell City blei etablert, og det blei snakk om tilbygg til skulen som ny barnehage. Det hadde blitt eit dårleg alternativ, eg er glad for at me i dag kan gle oss over eit tipp-topp nybygg, sa Hestdalen.
I dag er det 22 elevar på skulen, og om fire-fem år har talet auka.
Då har me opp mot førti elevar. Det er heilt fantastisk, stråla Hestdalen.
Spara pengar
Det siste året har barnehagen halde hus på grendehuset, og Sindre rosa barn, foreldre og ikkje minst dei tilsette som har halde ut med denne løysinga.
Det var snakk om å leige inn brakker, men me spara sikkert 200.000 kroner på å bruke grendehuset i staden. Den nye barnehagen er eit kjempesteg for Øyfjell det er vår månelanding, smilte Hestdalen.
Eldorado
Den nye barnehagen er bygd som ei avdeling med mange ulike seksjonar og aktivitetsrom.
På veg til barnehagen ser ein raskt det spesielle rommet tett på inngangsdør og yttergarderobe.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dagens bursdagsbarn Saamund Rorge Tjønn (4) viser veg inn til sandkasserommet. Eit heilt spesielt rom der barna i barnehagen kan leike med sand året rundt. Dei treng ikkje tenke på snø, kulde eller kattebesøk. Her kan dørene stå opne når det er mildt ute og ungane leikar begge plassar, men om vinteren er det høve til å setje på varmen og ljoset, tre ungane i gummibuksa og plassere dei i eit eldorado av leiker og sand medan snøstorm og minusgrader kan herje som dei vil utanfor glasruta.
Ope og ei flate
Den nye barnehagen er bygd på ei flate og som ei avdeling. Dette er med tanke på at ein heile tida skal få nytte huset i heilskap og ikkje må stenge ei avdeling om barnetalet blir lågare.
Etter yttertøyet er av i den fyrste garderoben er det ny garderobe og skifterom med eigen utgang til vognrom der dei minste barna kan få ein kvil under tak.
Allrommet er langstrakt med ulike aktivitetsrom på sidene.
Bli med inn i gymsalen, seier ein liten sjarmør og nappar bladfyken i handa.
Romet har stor glasrute inn til fellesrom slik at ein kan fylgje aktivitetane. Det er sklie, madrassar og puter. Ungane kosar seg.
Men kva anna har de i barnehagen, undrar VTB?
Me blir vist inn på ein nytt rom der ei mjuk matte i hjørnet er omkransa av store speglar og skarpe fargar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her kan bebiane ha det moro, forklarar ei kjolekledd og veslevaksen jente medan ho også viser fram eit bord med stolar tilpassa dei yngste, og reolar fulle av ulike leiker.
Her kan me lære dei små om dinosaurar og kanskje ein song, gliser festkledde barn.
På gamle tufter
Den nye barnehagen er bygd på tomta der Kyrkjebø skule stod tidlegare.
Sjølv om bygget er ferdig innandørs gjenstår det enno litt arbeid ute før den nye barnehagen er heilt i mål.
Barnehagen har vassboren varme, fotocellestyrd ljos ute og me fekk fantasiske tilbakemeldingar om det spesialdesigna kjøkkenet som er nedseinka for å leggje til rette for barna. Mattilsynet uttala at det var det beste barnehagekjøkkenet i Vest-Telemark, uttala Hestdalen.
Feira
I tillegg til flott song frå barnehageungane var det fleire som ynskte å gratulere bygda med nybygget.
For ti år sidan ville vel ny barnehage i Øyfjell vore veldig ulogisk. Men her i bygda er det dyrka fram ein sterkt fellesskap og ei kjensle for bygda til stor inspirasjon for resten av Vinje kommune og Vest-Telemark. Barnehagen og skulen er fylt med ungar. Det er moro å sjå for oss politikarar, uttala ordførar Arne Vinje.
Lærarane på skulen song for dei tilsette og barna i barnehagen, og innrømte at dei ville sakne både små og store i skuleområdet.