Nissedalordførar Øyvind Tveit med ei miniutgåve av kumlokket som bevis på at Treungen sentrum har fått tettstadprisen. Inger Holskar (t.h.) i hagelaget har vore med og sådd frøet som var med og spira fram prisen. Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen stod for utdelinga.
Nissedalordførar Øyvind Tveit med ei miniutgåve av kumlokket som bevis på at Treungen sentrum har fått tettstadprisen. Inger Holskar (t.h.) i hagelaget har vore med og sådd frøet som var med og spira fram prisen. Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen stod for utdelinga.

Sådde frøet til tettstadprisen

Nissedal hagelag sådde eit frø som spirde og voks. Det gav grobotn for oppussinga i Treungen sentrum og fylkeskommunens tettstadspris. 250.000 kroner i premiepotten skal gje endå meir vekst i området.

For ti år sidan sende Nissedal søknad om tettstadprisen, men tapa på målstreken for Seljord. Det gav ingen dempar i planane for Treungen sentrum. Mange tiltak er gjennomførde i ettertid, og andre nye tiltak har kome til.

– Treungen sentrum er blitt både estetisk og funksjonelt, og står i dag fram som ein tettstad innbyggjarane er stolte av, stadfester Nissedal-ordførar Øyvind Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Særeigne

Parken i sentrum har eit kraftverksmonument, og strandlinja mot Nisser er mura med kila stein og rullestein, i tillegg er det laga til gjestebryggje. Ei spesiell kulefontene lokkar til seg folk, og private har ytt sitt for å gjere området trivelegare. Tusenårsstaden Lokstallen og Sommarsletta like ved gjev sentrum eit endå større lyft.

Fylkeskommunen har konstatert at Nissedal kommune har arbeidd langsiktig for å vitalisere og ta vare på det særeigne kommunesenteret med tilbod, bygningsmiljø, stasjonsområde og tilknytinga til vatnet. Juryen for tettstadprisen har også fått med seg den prektige jolegata og joletreet som lyser på Skuggenatten i vekesvis. Det blir også peika på den gode medverknaden til Nissedal hagelag, som på dugnad plantar og vedlikeheld rabattar og bed i sentrum.

Den gode bustad

Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen slår fast at Treungen sentrum er godt inne i ei utvikling med å bli den gode bustad, ei satsing som er heilt i tråd med fylkesplanen. Derfor var det ei stor ære for henne torsdag, på vegne av juryen, å gje tettstadprisen til Treungen sentrum.

Ein stolt Nissedal-ordførar slo fast at mange står bak utviklinga av sentrumsområdet.

– Men utan innsatsen frå hagelaget sommar etter sommar for å halde beda fine, hadde det ikkje vore same sentrum. Hagelaget skal ha mykje av æra for at me får tettstadprisen, sa Tveit.

Frå hagelaget trekte han spesielt fram innsatsen til Inger Holskar.

– Du er kommunegartnar nummer ein i Nissedal, sa han, og gav henne blomster.

Holskar svara at ho hadde hatt det kjempemoro med alt dugnadsarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til eit spesialstøypt kumlokk er tettstadprisen på 50.000 kroner. Fylkeskommunen spyttar inn ytterlegare 100.000 kroner om kommunen stiller med same summen. Ordførar Tveit reknar med at sentrumsområdet blir vidare utsmykka for ein kvart million kroner framover som fylgje av prisen. Pengane må etter reglane gå til vidare utvikling i sentrumsområdet.