Samarbeidet kan ryke
Formannskapet i Kviteseid krev å sjå utrekninga for kva samarbeidet med Nissedal kommune vil koste. Kviteseid-ordførar Torstein Tveito (Sp) seier at han vil vite kva slags konsekvensar samarbeidet vil ha for rekrutteringa til kommunen og tenestetilbodet for innbyggjarane. Tidlegare i år vedtok kommunestyret i Kviteseid at dei to kommunane skulle samarbeide frå 1. januar 2004. Tveito meiner det er meir naturleg å samarbeide med Seljord ettersom kviteseidingane oftare kjørar til Seljord enn til Nissedal. Nissedals-ordførar Øyvind Tveit (KrF) seier han reknar med at Kviteseid ikkje går tilbake på eit vedtak som nyleg er gjort.
Me er redde for å miste kompetansen i kommunen i samband med samarbeidet med Nissedal. Me vil også sjå på kostnadene av dette samarbeidet. Eg har ikkje sett noko tal på kva det vil koste og eg veit heller ikkje om det er skrive noko konsekvensutgreiing, seier Tveito.
Han forlangar no tal på bordet for det planlagte samarbeidet som skal starte alt om knappe seks veker. Men no ser det ut til at nok eit interkommunalt samarbeid kan gå i vasken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg veit ikkje kva som skjer i samband med samarbeidet dersom kommunestyret også krev å behandle saka, seier Tveito.
Bekymra Nissedal-ordførar
Ordførar Øyvind Tveit (KrF) i Nissedal er ikkje fornøgd med at politikarane i formannskapet i samarbeidskommunen har bestemt seg for å sjå på talla på nytt.
Eg blir bekymra når eg høyrer slikt. Eg trudde alt var klart for å setje i gang samarbeidet frå 1. januar. Det er nyleg gjort eit vedtak. Når Kviteseid inngjekk ei avtale for berre nokre månader sidan reknar eg med at dei held fast ved det. Eit vedtak forpliktar, seier Tveit.
Tveit fortel at politikarar frå Kviteseid og Nissedal kom saman for å rekne på dei økonomiske sidene ved samarbeidet.
Eg meiner dette arbeidet var grundig gjort, men det kan hende at det har blitt gjort nokre feil internt i Kviteseid kommune og då forstår eg at formannskapet vil rekne på nytt. Men me har hatt ein kjensle av at Kviteseid ynskjer å oppretthalde fleire stilllingar i samarbeidet enn det som let seg gjere, seier han og minner om at begge partar må ofre litt for å få til eit samarbeid.
Vanskeleg å rekruttere
Eg har bede administrasjonen om å få tala til neste formannskapsmøte tysdag. Men eg veit ikkje kor tala er no eller kven som har dei, seier Tveito.
Han meiner ikkje det blir noko å spare på det interkommunale samarbeidet. Tvert om meiner han det vil føre til meirutgifter for kommunen.
Ingeniør Rikard Berge ved kommunen skal jobbe i ein 50 prosent stilling som oppmålar i Nissedal kommune. Tveito går ut frå at Berge har sagt ja til den jobben, men han er usikker på om framtidige søkjarar til Kviteseid kommune vil ha jobb dersom dei må pendle til Nissedal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tanken bak samarbeidet var å få større fagmiljø for dei tilsette og sjansen til å spesialisere seg, seier han.
Samarbeid med Seljord?
Tveito meiner det er viktig for kommunane i Vest-Telemark å samarbeide. Han trekker fram Seljord som den mest naturlege staden for kviteseidingane å samarbeide med.
E 134 er den vegen kviteseidingane kjører mest og det er i retning Seljord, seier han.
Vurderer kommunen å samarbeide med Seljord?
Eg synest me skal samarbeide med heile Vest-Telemark, uttalar Tveito.