Samla inn 260 000 i Fasteaksjonen
– Eg ser eit stort håp i at 160 menneske i Vest-Telemark går med lilla Kirkens Nødhjelp-bokser tysdagen før palmesundag. Slik får håpet bein å gå på, seier prostidiakon Eilev Erikstein.
Konfirmantar og kyrkjelydar i Vest-Telemark samla inn totalt 260 000 kroner i den tre dagar lange fasteaksjonen. Resultatet er nokre tusen opp frå i fjor og enno har ein ikkje full oversikt over inntektene frå Vipps.
Artikkelen held fram under annonsen.
– For konfirmantane er dette ei diakonal oppgåve. Det er viktig læringsarena at det gjer godt å gjere ein innsats for andre og å dele med seg. Å dele med dei som har mindre er ei grunnhalding i kristen trua, seier Erikstein.
Som regel er konfirmantane litt skeptiske før dei legg ut på innsamlingsruta, men dei kjem oppglødde tilbake og seier dette var moro, seier prostidiakonen som er glad for at konfirmantane blei godt tekne imot rundt om i Vest-Telemark.
Det er jamt over gode resultat frå Vest-Telemark, men Tokke stikk seg litt ut med 24 kroner frå kvar og ein av dei 2300 innbyggarane. Det gjev dei ein åttande plass på landsstatistikken.
Fasteaksjonen er ein av landets største bøsseaksjonar og har blitt arrangert sidan 1967. I år for femtiande gong. I fjor blei det samla inn totalt 35 millionar kroner i Noreg.
Fasteaksjonen
Kommune 2017 2016
Tokke 55 000 (49 000)
Vinje 73 000 (73 000)
Fyresdal 25 000 (23 000)
Artikkelen held fram under annonsen.
Nissedal 25 000 (26 000)
Kviteseid 45 000 (41 000)
Seljord 37 000 (43 000)
260 000 255 000