Med over 100 frammøtte på eldretreffet i Skafså fjellkyrkje, var det ikkje mange ledige plassar. Pensjonistar frå Vest-Telemark og Setesdal møttest for sjuande gong.
Med over 100 frammøtte på eldretreffet i Skafså fjellkyrkje, var det ikkje mange ledige plassar. Pensjonistar frå Vest-Telemark og Setesdal møttest for sjuande gong.

Samla over hundre godt vaksne i fjellkyrkja

Heilt sidan 2010 har pensjonistar frå Tokke og Valle møtt kvarandre i fjellkyrkja på Skafsåheii. Onsdag tok over hundre av dei turen på fylkesveg 45 for å møtest att.

Dei er gode vener no – setesdølen og telemarkingen. Segna om grensestriden og ein kamp på liv og død lever fortsatt. Men banda mellom Vest-Telemark og Setesdalen har vore og er framleis sterke.

Onsdag hadde rundt 30 pensjonistar teke turen frå nabofylket. Med om lag 70 vesttelar i tillegg, blei det fullt hus på heii.

Artikkelen held fram under annonsen.

Idé frå 2010

Det var pensjonistlaga i Mo/Byrte, Dalen, Åmdals Verk og fjellkyrkjekomiteen som arrangerte årets eldretreff. Og det var medlemene i desse laga, i tillegg til bygdeheimane i Valle og Bykle som var inviterte til treffet.

– I tillegg veit eg at det er pensjonistar frå andre kommunar i Vest-Telemark og ein del hyttefolk som er her i dag, seier Gunstein Seltveit, leiar i fjellkyrkja.

Det var Olav T. Haugo, leiar i Mo og Byrte pensjonistlag, som ynskte velkomen til treffet onsdag.

Det var stinn brakke i fjellkyrkja på Skafsåheii onsdag. Mange kom truleg for å høyre Anne Marie Kvien syngje «Sangen til bygda» og andre kjente songar.
Det var stinn brakke i fjellkyrkja på Skafsåheii onsdag. Mange kom truleg for å høyre Anne Marie Kvien syngje «Sangen til bygda» og andre kjente songar.
Anne Marie Kvien skapte liv og røre i fjellkyrkja, særleg då ho spela og song «Sangen til bygda».
Anne Marie Kvien skapte liv og røre i fjellkyrkja, særleg då ho spela og song «Sangen til bygda».
«Gamlepresten», Øyvind Jørgensen, heldt andakt i fjellkyrkja.
«Gamlepresten», Øyvind Jørgensen, heldt andakt i fjellkyrkja.
Gunhild Espetveit frå Valle heldt kviss og fortalde historier.
Gunhild Espetveit frå Valle heldt kviss og fortalde historier.

– I dag er det krossmesse, det vil seie dagen då det frå gamalt av var vanleg at all slåttonna var avslutta og dyra var heime frå stølane og fjellet. Me gjer det annleis, me reiser til fjells i staden, smiler Haugo.

I 2010 var det diakonane i Tokke og Valle, Bjørg Abusland og Gunhild Espetveit, som kom på ideen om å arrangere eit treff over fylkesgrensene.

– Utan å kyte var det vel eg som fekk ideen. Det er triveleg å sjå at det har blive ein tradisjon etter fyrste treffet i 2010, fortel Espetveit, som også underheldt med ein kviss.

–      Kven er ordførar i Tokke, ville ho vite.

Men det var berre setesdølane som fekk lov til å svare på det spørsmålet. Og så

Artikkelen held fram under annonsen.

fekk vesttelane spørsmål om kven som var ordførar i Valle. Det var fleire spørsmål frå båe sider av fylkesgrensa, og det såg ut til at dei frammøte tykte det var gama med ein slik kviss.

Espetveit fortalde også ei historie frå gamalt av der presten bad alle som ville gifte seg om å kome fram.

– Ein mann og 13 kvende reiste seg og gjekk fram til presten, sa ho til stor latter blant dei frammøtte.

Venta på Kvien

Mange av pensjonistane gledde seg til å høyre Anne Marie Kvien. Ho fekk sitt store gjennombrot då ho i 1998 var mykje å høyre på radioen med «Sangen til bygda». Det er ein song som er skriven av svenske Ragnwei Axellie, og tonesett av svenske Roland Cedermark.

– Eg var så heldig å få lov til å omsette songen til norsk, og det var då songkarrieren skaut fart for alvor, smiler Kvien, opphavleg frå Vang i Valdres.

Etter at pensjonistane hadde ete lapskaus, drukke kaffi og ete kaker, var det klart for Kvien. Då ho hadde sunge eit par songar, var det klart for dagens høgdepunkt for mange: «Songen om bygda».

Det var både applaus og godt høyrlege «jaaaaa» i fjellkyrkja då ho annonserte songen.