Børge Skårdal (VTNU), Anne Gro Ahnstrøm, Telemark fylkeskommune sin prosjektleiar for NTP, Sven Tore Løkslid, fylkesordførar i Telemark, Knut Duesund, leiar i Telemark samferdselsutval, Åmli-ordførar Reidar Saga, Nissedal-ordførar Halvor Homme, Ole Tom Tjuslia, sekretær i ordførargruppa og med i styret for Telemarksvegen, Kviteseidordførar Tarjei Gjelstad, Seljordordførar Halfdan Haugan, fylkesordførar Tellef Inge Mørland i Aust-Agder og Ola Olsbu, samferdselssjef i Aust-Agder fylkeskommune.
Børge Skårdal (VTNU), Anne Gro Ahnstrøm, Telemark fylkeskommune sin prosjektleiar for NTP, Sven Tore Løkslid, fylkesordførar i Telemark, Knut Duesund, leiar i Telemark samferdselsutval, Åmli-ordførar Reidar Saga, Nissedal-ordførar Halvor Homme, Ole Tom Tjuslia, sekretær i ordførargruppa og med i styret for Telemarksvegen, Kviteseidordførar Tarjei Gjelstad, Seljordordførar Halfdan Haugan, fylkesordførar Tellef Inge Mørland i Aust-Agder og Ola Olsbu, samferdselssjef i Aust-Agder fylkeskommune.

Samlar seg om strategi for Rv41

Vegvesenet, lokalpolitikarane langs Rv41, fylkesordførarar og fylkeskommunar er samde om ein plan som kan bli svært viktig for å få utbetra parsellar på Telemarksvegen.

I fleire år har ordførarar langs Rv41, som går frå E18 i Kristiansand til E134 i Brunkeberg, jobba saman for få rusta opp viktige strekningar på det som også blir kalla Telemarksvegen. Gruppa har mellom anna vore på møte med Samferdselsdepartementet i Oslo. Også ordføraren i Seljord og Børge Skårdal i Vest-Telemark næringsutvikling har stått på for saka.

– Me i ordførargruppa har fått mykje hjelp av Vegvesenet med å finne best mogleg strategi for å nå målet om ein betre Rv41, seier Nissedal-ordførar Halvor Homme, leiar i gruppa.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor haust hadde ordførargruppa, regionordføraren og regionrådsleiaren i Vest-Telemark, Børge Skårdal og Vegvesenet synfaring på heile Rv41.

– Turen var for at alle skulle få fyrstehandskunnskap om dei vegparsellane som må stå fyrst i utbetringskøen. Me er samde om kva parsellar det gjeld, og Vegvesenet har same forslag og prioritering som me ordførarane har, kan Homme slå fast.

Godteke av alle

Vegvesenet laga sist haust eit grunnlagsdokument for utvikling av Rv41, og innhaldet er heilt i tråd med det ordførarane ynskjer. Det er semje om fyrst å satse på to spesielt dårlege strekningar, frå Søre Herefoss til Hynnekleiv i Aust-Agder, og mellom Treungen og Vrådal. Utspelet frå Vegvesenet har blitt vedteke av alle kommunestyra i som er i området til Rv41, og i tillegg har kommunestyret i Seljord gjeve tilslutting.

– Dokumentet Vegvesenet har laga er godt gjennomarbeidd og proft, og blir eit svært viktig innspel til ny Nasjonal transportplan (NTP). Eit slikt samla dokument har me ikkje hatt før for Rv41. Dokumentet blir veldig viktig for å få utbetra parsellar på Rv41, seier ordføraren i Nissedal.

Skal stå på for vegen

Nyleg hadde ordførargruppa for Rv41 møte på Nauraktunet i Treungen med mellom anna fylkesordførar Sven Tore Løkslid i Telemark og fylkesordførar Tellef Inge Mørland i Aust-Agder. Det var då kjent at Vegvesenet i ny NTP føreslår å løyve ein halv milliard kroner til to strekningar på Telemarksvegen. Sjølvsagt blei dette peika på som positivt for riksvegen, men på same tid blei det minna om at løyvinga nok ikkje heng i den «tjukkaste tråden». Både Løkslid og Mørland seier til VTB at dei som fylkesordførarar kjem til å jobbe for at den halve milliarden til Rv41 blir ståande også etter at NTP er vedteke av Stortinget neste vår.

– I fylkestinget i Aust-Agder har me fleire gonger diskutert Rv41, og at vegen må lyftast fram, seier Mørland.

Løkslid peikar på ei stor utfordring framover for å få løyvinga til riksvegen.

– Problemet er at Rv41 ligg inne bare om det blir høg pengeramme i NTP. Eg trur det blir vanskeleg å få ei så stor rammeløyving, seier Løkslid, fullt klar over at flyktningsituasjonen og oljekrisa truleg gjer at løyvinga til samferdselssektoren ikkje blir så høg som mange håpar på.

Artikkelen held fram under annonsen.

­– Det er ikkje gjeve at dei to strekningane på Rv41 er inne i NTP når han er vedteken, så det er ein betydeleg jobb å gjere, sa Mørland på møtet i Treungen.

– For å få slagkraft trur eg det er viktig å koordinere uttalene frå fylkeskommunane, sa Løkslid.

– Samspelet som har vore må bare fortsetje, for det viser seg å føre fram, oppmoda Børge Skårdal, etter å ha presentert delar av grunnlagsdokumentet Vegvesenet har laga for Rv41.

– Denne landsdelen her er ikkje den som står fyrst i vegkøen. Me er heilt avhengige av drahjelp frå fylkesordførarane i Telemark og Aust-Agder for å få gjennomslag for Rv41, såg Nissedal-ordførar Halvor Homme på Løkslid og Mørland, og fekk nikk tilbake frå dei.

– Ut frå dette møtet er me veldig samstemte. Det er viktig at saka blir fylgd opp og at ein er stortingspolitikarane. Me må vise at det er tyngde bak ein større region, sa Mørland.

– Eg er godt fornøgde med dykk alle saman, at de er så positive til Rv41, avslutta Homme møtet.

Vegstrekningane er med i forslaget

Måndag 29. februar la Vegvesenet fram sitt forslag til ny Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029. For fyrste gong i historia inneheldt forslaget til NTP store prosjekt på Rv41. Vegvesenet føreslår 270 millionar kroner til strekninga Vrådal–Treungen og 220 millionar kroner for å utbetre Søre Herefoss–Hynnekleiv på stamvegen.

Men, for det er eit men; vegsatsingane på Rv41 er avhengig av at Stortinget løyver øvste pengeramma av dei fire rammene som er ført opp i forslaget frå Vegvesenet. Går stortingspolitikarane for éin av dei tre andre rammene, er det ikkje pengar til dei to store utbetringane på Rv41. Då må ein i tilfelle håpe at Vegvesenet, etter at NTP er vedteke neste vår, finn pengar frå den ordinære vedlikehaldspotten eller det nokon kallar sekkepotten som kan brukast på Rv41. Men den potten er det mange andre vegar også som skrik etter å få nytte …

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudstrategien for Rv41

Statens vegvesen sitt grunnlagsdokument for utvikling av Rv41 har dette som hovudstrategi: Prioritere tiltak som kan sikre varig og meir samanhengande vegstandard, og tiltak som kan gjere trafikktryggleiken betre. På kort sikt bør ein prioritere varig standardheving på strekningsvise parsellar framfor å investere mykje pengar i punktutbetring. Målet er gul midtstripe på Rv41. Det bør også vere mål om forsterka drift og vedlikehald på strekningar som er spesielt utfordrande vinterstid.

Vegvesenet påpeikar at grunnlagsdokumentet er meint å vere eit faktagrunnlag som kan bidra til å skape ei felles forståing av utfordringane på Rv41.

«Grunnlagsdokumentet vil også vere nyttig i Vegvesenet si prioritering av tiltak på Rv41. Det er lagt vekt på å synleggjere kva strekningar som bør prioriterast og kva som ut frå ei fagleg vurdering vil vere rett satsing på kort og lang sikt,» skriv Vegvesenet i dokumentet.

Ein konkluderer med at utfordringane med ein dårleg vegstandard er størst mellom Søre Herefoss og Hynnekleiv, Treungen–Kyrkjebygda og Steane–Vrådal. Vegvesenet meiner det bør vere ei klar målsetjing å få sett i gang arbeidet som står att mellom Treungen og Vrådal i løpet av neste NTP.

Andre viktige kortsiktige tiltak i Vest-Telemark er å få gode tryggleikstiltak mellom Kvitsund og Kviteseid sentrum. Ei løysing der det blir gang- og sykkelveg bør sjåast i samanheng med moglege løysingar for Kviteseidkrysset, meiner Vegvesenet.

Vidare bør ein vurdere siktutbetring og kurvaturutbetring i Kviteseidkleivane, og ein må halde fram med forsterka vinterdrift der.

Langsiktige tiltak i Vest-Telemark er ny bru i Treungen, eit kostnadskrevjande prosjekt. Elles har ein vurdert ei utbetring av dei brattaste og mest svingete partia i Kviteseidleivane, eller ha ei løysing med færre svingar.

«Uansett er dette kostnadskrevjande utbetringar som neppe er realistiske å setje i verk i overskueleg framtid. Og tunell gjennom fjellet til Vrådal er neppe eit realistisk tiltak,» meiner Vegvesenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om Kviteseidkrysset blir dette nemnt: «Det vil vere behov for å vurdere kryssløysing på ny, men på kort sikt vil truleg andre strekningsvise tiltak kome i fyrste rekkje.»