Samlaren
Kven samlar på hundrevis av mobiltelefonar, ei mengde gamle motorsager og påhengsmotorar, og byggjer små elektriske lastebilar frå botnen av? Tore Andersen (65) i Kviteseid har mange gilde hobbyar.
Tore Andersen starta Kviteseid motorservice i 1976 i kjellaren til onkelen sin i sentrum av bygda, og verksemda satsa på utstyr for skog og hagebruk, og hadde verkstad. I 1980 sette Tore opp bygg på Flatin og etablerte seg der.
– Det blei ein god start på 1980-talet med barkbillekrigen – då gjekk det unna med motorsager, hugsar Tore godt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då han bestilte vel 300 motorsager i året, kom det ei gullklokke frå Partner i retur.
Salet av sagene blei starten på diverse hobbygleder. Tore tok vare på sager som blei tatt i innbyte på nye, og kjøpte også nokon andre gamle. I dag tel samlinga rundt 40 motorsager frå 1950-talet og oppover. Dei er utstilt i verksemda sonen Atle overtok eigarskapen av og har drive frå då faren blei førtidspensjonist som 62-åring.
Den fyrste og store tomannssaga Tore eigde er ikkje i samlinga nå. Ein kar hadde hatt ei lik sag tidlegare, og masa veldig for å kjøpe den Tore hadde.
– Eg gav meg til slutt.
Sjeldan vare
– Så balla det på seg, fortset Tore om samlelysta på ulike ting.
På jobben for ein del år tilbake byrja han å ta vare på andre ting som durar og sviv; påhengsmotorar. Den gamlaste han har er ein Volvo frå slutten av 1920-talet.
– Eg hadde opptil 30 påhengsmotorar, men nå har eg att 15. Dei må eg vel ha.
Tore fekk tips om ein jukeboks frå 1960 som stod i Rauland, tok turen dit og kom med eit bod.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me blei einige til slutt. Jukeboksen er ei sjeldan vare, og han sviv ennå.
Tore blei verkeleg interessert i gamle ting, og i bustaden hans står det mellom anna ein 1959-modell barnevogn kjøpt på loppemarknad, ei symaskin, og tv og radio som tydeleg er frå eldre tid. For ikkje å snakke om slåmaskina frå 1936 som er i hans eige og plassert ein annan stad.
350 mobilar
Tore byrja også å samle på mobiltelefonar, og har mellom anna den fyrste modellen som kom til Noreg rundt 1978, eit produkt til om lag 25 000 kroner.
– Det er denne, seier Tore, og finn fram den fleire kilo tunge mobilen med mikrofon og manuelle kanalar.
På hylle etter hylle ligg det fint lina opp haugevis av mobilar av ulik slag, nokon er kjøpt, andre har Tore fått. Fram til nå har talet på mobilar kome opp i 350 …
– Skal du fortsette å samle på slike?
– Etterkvart byrjar mobilane å bli så like, og eg har nok å turke støv av. Eg må nok gje meg snart nå.
Kan ikkje hogge slikt
– Har du anna gamalt?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nei, nå får det vel halde, svarar Tore.
Han synest det er koseleg å gå rundt i huset og sjå på alt det gamle som er tatt vare på.
– Det er artig når eg får besøk og folk er rundt og ser. Då har me samtaleemne.
Tore har eigentleg meir gamal moro, men det er ute i garasjen. For eit par år sidan kjøpte han ein Mercedes 280 SL cabriolet, ein 1983-modell som den kjente songaren Anne Grete Preus hadde sikra seg i 1994.
– Eg har vognkortet hennar, seier Tore, og viser det fram.
– I alle år har eg vore Mercedes-frelst, og var på jakt etter ein slik eg har fått tak i nå. Eg har restaurert cabrioleten, det er ein sommarbil og han har gått 200 000 kilometer.
Kloss ved veteranbilen står det ein strøken Nissan 1990-modell som har gått bare 30 000 kilometer. Tore arva han etter mora Birgit, som kjøpte bilen ny.
– Bilen er triveleg å ha. Du kan ikkje hogge slikt, veit du.
Artikkelen held fram under annonsen.
Enormt med smådelar
Me er tilbake i bustaden og i eit rom der det står utstilt over 50 modellbilar og –traktorar.
– Nok ei samlegreie, seier Tore.
Og det kjem kanskje også nysatsinga til Tore å bli. For to år sidan kjøpte han det fyrste byggjesettet for RC-lastebilar, motoriserte modellar styrt av radiokontroll.
– Eg måtte ha noko å finne på, og bevise at det går an å få til bygginga.
Det er enormt med smådelar i asken med byggjesettet, og ein kan også kjøpe tilleggsutstyr. Prisen kan då kome opp i 15 000 kroner per lastebil, som Tore nå har to av. Som hjelp for å byggje i time etter time ligg det ved informasjon, ei blekke på 35 sider.
– Det tek tid å byggje ein lastebil, men det er moro og litt tøft når du får ekstrautstyr som motordur, leddljos, blinkljos og elektriske støttelabbar til hengaren, seier Tore.
Han startar lastebilen. Motoren kjem i gang med ein gong, og det flotte og strøkne vogntoget får seg ein tur på golvet med ljos og det heile på plass.
Kjedar seg ikkje
– Dette skal du fortsette med?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nei …
– Du må vel bygge eit helikopter eller noko anna også?
– Kom her, svarar Tore raskt.
Me går inn i eit anna rom, og der står det faktisk eit modellhelikopter.
– Det er ikkje bygd ferdig ennå. Eg må heller gjere ferdig denne, ein lastebil med tralle. Der kan barnebarn køyre gravemaskina oppå.
Tore har sjølv laga tralleplata, og like ved står det ei gravemaskin, elektrisk med fjernkontroll.
– Ein kan lage seg arbeid, i alle fall. Ein treng ikkje kjede seg, og det gjer eg ikkje heller, seier Tore om tolmodsjobben som startar når eit byggjesett er på plass i huset.
– Det kjem vel nye innslag frå deg etter kvart?
Artikkelen held fram under annonsen.
Tore tenkjer, men bare litt før han svarar:
– Det skulle ikkje forundre meg. Eg er biten av hobbyane mine, og det gjer godt å ha dei.