Satsar 5 millionar på moderne hønehus
Helge Loftsgarden i Seljord investerer fem millionar kroner i nytt hønehus med plass til 7.500 dyr. Då han kjøpte garden i Åsheimgrendi i 2002 var der eggproduksjon som han har drive vidare ved sidan av ammekyr, storfekjøttproduksjon og sauehald.
Husdyrhaldet består av 90 vinterfôra sauer, 25 ammekyr med full framfôring av 4.600 verpehøner. Drifta tilsvarer om lag to årsverk, men Helge Loftsgarden fortel at han likar å vere bonde. Han set pris på fridomen det gjev å styre arbeidsdagen sjølv.
Eg vil vere fulltidsbonde, og ynskjer ikkje jobb utanom garden. Då er eg nøydd til å satse på ein kraftfôrkrevjande produksjon som supplement til sauene og ammekyrne for å skaffe nok inntekt, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Loftsgarden meiner nyinvesteringar må til for å utvikle driftsapparatet dersom ein satsar på å vere heiltidsbonde. Dersom ein ikkje investerer, er det i røynda fyrste steget mot avvikling. Og det er det motsette som er framtidsplanane til den driftige husdyrbonden.
Dagens hønehus vart bygt kring 1970. I 1997-1998 vart huset ominnreia med nye bur til hønene. Der er det plass til 4.600 høner, og komande tysdag kjem nye verpehøner frå Bø. Det vil vere det siste innsettet i huset. Målet er å vere i full drift i nytt hønehus hausten 2010. Arbeidet på tomta byrjar i år.
Dei nye haldføresegnene gjer at bura hønene står i no, vert forbode frå 2012. Difor kjem eg ikkje utanom investeringa på fem millionar når eg ynskjer å halde fram som eggprodusent, seier Loftsgarden.
Aukar til 7.500 verpehøner
Kor stort skal du byggje?
Eg byggjer til konsesjonsgrensa på 7.500 verpehøner. Det vert ikkje frittgåande høner, men nye og mykje romslegare bur med sandbad, verpekasse og vaglar i tråd med dei nye reglane. Drifta vert mykje som i noverande hønehus, men eg kjem til i investere i ein pakkemaskin for rasjonaliserte litt på egghandteringa, fortel han.
Syklusen i eggproduksjonen er at Loftsgarden får 16 veker gamle høner frå Tollehaugen i Bø. Etter 4 vekers oppverpingstid startar egglegginga for fullt. Den varer i 56 veker, slik at hønene vert slakta 76 veker gamle. Kvar høne legg 20-22 kilo egg i levetida si. Det vil seie at frå det nye hønehuset vil Loftsgarden levere omlag 150.000 kilo egg per innsett til eggpakkeriet i Bø som hentar egga ein gong i veka.
Brukbar lønsemd
Korleis er økonomien i eggproduksjonen?
Eg vil seie det økonomisk er tåleg bra å drive med verpehøner. Dekningsbidrag, som skal dekke arbeidsinntekt og huskostnadar, ligg kring 70 kroner per høne per år. Men sjølvsagt svingar lønsemda også i eggproduksjonen. Mellom anna har prisen på kraftfôret mykje å seie ved sidan av rentenivået på huslånet, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Loftsgarden fortel at han aldri har tenkt så mykje på ørene som han gjer etter å ha vorte eggprodusent. Han nemner at 10 øre auka kraftfôrpris reduserer inntekta med 10.000 kroner i buskapen på 4.600 høner. Det går med 2,1-2,3 kilo kraftfôr per kilo egg. Kvar høne et 100 gram kraftfôr dagleg i byrjinga aukande til 115-120 gram mot slutten av verpetida. God styring med fôringa er avgjerande for tilfredsstillande produksjonsøkonomi saman med godt vatn og rett lysstyring av døgeret. I hønehuset syter kunstig lys for at dagen for hønene byrjar klokka to om natta. 14 timar seinare er det natt og mørkt i huset.
Kraftfôrproduksjonar
I Vest-Telemark er landbruket prega av relativt få investeringar og avvikling av både mjølkeproduksjon og sauehald. Dei fleste gardane har dårleg arrondering og for lite grovfôrareal til å utvide drifta med storfe eller sau.
Eg meiner fleire bønder i regionen bør vurdere utviding av drifta med kraftfôrkrevjande produksjonar som gris eller fjørfe. Då er mogleg å satse som heiltidsbonde utan å vere avhengig av grasareal og beitemark, seier Helge Loftsgarden.