Satsar i ein bransje han kjenner
Forsikringsbransjen blomstrar i Kviteseid. Fire selskap er nå representerte i bygda.
I september opna nemleg Tide Forsikring lokalkontor i Kviteseid sentrum. Dagleg leiar Geir Sandland har brukt sommarferien til å pusse opp lokala, og denne månaden var han klar til å ta i mot kundar i lyse og fine kontor. Sandland har mange års erfaring frå forsikringsbransjen både i hovudstaden og i heimbygda Kviteseid. Sidan 2006 har han vore tilsett i Gjensidige som ligg eit steinkast unna Tide sitt nye kontor. I tillegg finn ein også If og Frende representerte i Kviteseid sentrum. Sandland er ikkje redd for at dei blir for mange og meiner alle har godt av konkurranse.
– Både If og Gjensidige er store her i Vest-Telemark, mens eg startar på null. Det er klart det er spennande. Eg har stor tru på at det er rom for Tide, og eg er alt i gang med å etablere nye kundekontaktar, seier Sandland, som håpar at mange vil få augo opp for kva han kan tilby.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mot straumen
– Tide går litt mot straumen ved å etablere lokalkontor i distriktet for å tilby personleg kontakt og oppfølging, held Sandland fram.
Ifølgje den nye daglege leiaren er det ikkje nødvendigvis bare eldre som føretrekker å ha ein person å forhalde seg til, men også yngre som er i etableringsfasen synest gjerne det er mykje å setje seg inn i når ein skal teikne forsikring.
– Eg meiner kundeservice og god oppfølging framleis er svært viktig for folk. Det er viktig å bygge kundeforhold, både ved å reise på synfaring og ved å ha eit nærkontor som er ope for kundar. I all hovudsak rettar me oss mot kundar her i Vest-Telemark, noko av tanken er jo at me skal ha nærleik til kunden. Hovudkontoret vårt ligg i Kragerø og der blir alle saker behandla, seier Sandland, som gjer klart uttrykk for at han synest det er viktig at selskapet er fysisk til stades også i distrikta.
Me forsikrar oss meir
Sandland starta i forsikringsbransjen i 1999 i Storebrand i Oslo. Med lang fartstid i bransjen ser han endringar i korleis me forsikrar oss.
– Særleg i personforsikring og behandlingsforsikring har det vore ei klar auke dei seinare åra. Mange arbeidsgjeverar tilbyr også sine tilsette behandlingsforsikring, sjølv om me nok ser at det er noko skilje mellom by og land på akkurat dette området, seier Sandland.
Han meiner folk i Vest-Telemark generelt er flinke til å forsikre seg.
Klare mål
Det er ikkje første gongen han startar for seg sjølv. Frå 2001 til 2006 prøvde han seg også i daglegvarebransjen og dreiv Ica i Findalen-bygget i heimbygda.
– Denne gongen veit eg jo litt meir om kva det betyr å starte for seg sjølv. Å drive daglegvare var noko heilt nytt, mens forsikring er ein bransje eg kjenner godt, seier Sandland.
Artikkelen held fram under annonsen.
No tilbyr han alle typar forsikring til privatpersonar, og frå januar tilbyr han også bedriftsforsikringar. I dag er han aleine på kontoret, men målet er å få så mykje å gjere at det blir behov for å utvide med ei stilling i løpet av neste år.
Dagleg leiar: Geir Sandland håpar å utvide med ein tilsett i løpet av 2018.