– Vrådal er ein utruleg fin plass, og motivasjonen min er å bli her for å utvikle daglegvarebutikken vidare, seier Kai Morten Gaarder som nå kjøper matvareforretninga av stiftinga Vrådal handelslag AS.
– Vrådal er ein utruleg fin plass, og motivasjonen min er å bli her for å utvikle daglegvarebutikken vidare, seier Kai Morten Gaarder som nå kjøper matvareforretninga av stiftinga Vrådal handelslag AS.

Satsar på kjøpmannslivet

Han har positive tankar om framtida, dagleg leiar, og nå eigar av daglegvarebutikken i Vrådal, Kai Morten Gaarder (35). Frå 2011 til 2012 auka omsetninga frå 19,7 til 22 millionar kroner. – Det er dei tilsette og kundane våre som skal ha takken, smiler kjøpmannen.

I november i fjor haust sa Kai Morten Gaarder ved Joker i Vrådal opp jobben som dagleg leiar. Eit spennande jobbtilbod i Drangedal freista, og Gaarder valte å takke ja til butikkjobben i heimkommunen.

– Men så kom styret i Vrådal handelslag AS med spørsmål om eg kunne vere interessert i å kjøpe butikken her. Ynsket om å drive min eigen butikk har alltid vore der, og nå fekk eg sjansen, smiler kjøpmannen på 35 år som har pendla over heia frå Tørdal til Vrådal i to og eit halvt år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag kveld blei det avgjort i ei ekstraordinær generalforsamling at Kai Morten Gaarder og sambuaren, med det nystifta firmaet Vrådal daglegvare AS, kjøper butikken med varesortiment, inventar og drift.

– Me vil leige lokala av Vrådal handelslag inntil vidare, men det er ein opsjon i leigeavtala, for planen er å eige alt sjølv på sikt, seier Gaarder som held fram med den same staben.

– Eg har tolv flinke tilsette i alle aldrar, nokre av dei i deltidsstillingar. I tillegg har me faste skuleungdommar som jobbar i feriar og helger. Me er rett og slett ein fin arbeidsgjeng, stadfestar han.

Vareagent

Gaarder hadde kjennskap til matvarebransjen då han starta i jobben i Vrådal.

– Eg hadde mitt eige firma der eg jobba som daglegvareagent i 6–7 år, og hadde ei tid opp til tre tilsette. Eg reiste rundt i dei ulike butikkane og selde varer dei burde ha, og hjelpte til med å betre salet. Eg fekk mange nyttige erfaringar med meg frå dette arbeidet. Då eg fekk eit hint om stillinga i Vrådal, via leiinga i Noregsgruppen, kjente eg meg heldig som fekk sjansen, seier Gaarder.

Han blei tilsett i stillinga som dagleg leiar i ein butikk som stod litt stille.

– Tida var inne for å fylgje nye trendar. Kundane hadde andre krav, og me såg at faste hyttegjester starta å kome innom butikken som om dei var lokale. Me såg at resultata blei betre, og måtte gjere om litt, smiler kjøpmannen.

Han fortel at kundar ikkje lenger er fornøgde om du har ei type mjølk og ei type egg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er naudsynt å ha ulike merke, også innanfor kjøt. Då eg starta i jobben begynte eg å fylle hyllene, gjerne litt for mykje, for å sjå kva kundane ynskte. Ei full hylle freistar meir enn ei tom. Me auka bemanninga, og spurde folk oss etter varer bestilte eg. Det blei kanskje noko meir svinn her, og varer som ein måtte prise ned på tilbod på grunn av dato, men ein såg kundegruppa auka, fortel Gaarder.

Vurderer Spar

– Har du vurdert å endre frå Joker til Spar?

– Eg vil gjerne gjere butikken endå betre og meir lønnsam. Eg innrømmer at det er ein draum å gå steget opp med ei profilendring frå Joker til Spar. Det er i same kjeda, men vil gje kundane endå betre vareutval og tilbod, meiner kjøpmannen.

Han meiner bestemt at både Joker og Spar er «folkebutikkar» der det skal vere ei hyggeleg stemning.

– I motsetning til lågprisbutikkane kan me steike brød, ha varm mat og ta oss tid til å snakke med kundane. Men om me skal endre profil, må me fyrst auke omsetninga endå meir, så det er ikkje aktuelt i år, seier han.

Dei lokale er viktige

Han ser at turismen er viktig for handelen, og la mellom anna merke til at Color line-kundane var tilbake i butikken i fjor sommar.

– Dei har vore sakna eit par år, så det var godt å sjå desse gjestene tilbake i bygda. Men me ser også at dei fastbuande i Vrådal og omegn har blitt flinkare til å bruke oss, seier Gaarder.

Han viser til at snitthandelen per kunde har gått opp. I regionen ligg snitthandelen på 131 kroner per kunde, medan talet for Jokerbutikken i Vrådal syner eit resultat på 203 kroner per person.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var det fyrste målet mitt etter at eg starta i jobben, for det tyder at dei faste kundane er meir trufaste. Eg ville så gjerne hente tilbake dei kundane som handla i Kviteseid og Seljord hit til den einaste matforretninga som er i bygda, seier han.

Framtida

Gaarder ynskjer seg meir plass i butikken på sikt.

– Omsetninga på ein dag kan variere frå 38 000 kroner til 220 000 kroner, og me ser på dei hektiske dagane at me skulle hatt ei kasse til. Skal me få til dette må me byggje på. Kundane ynskjer seg rikstoto i tillegg til tippinga, men det er det dessverre ikkje plass til i dag. Me saknar også plass til ein liten kaffikrok så kundane kan få sitje ned og prate, me skal jo vere den koselege kvardagsbutikken, lovar kjøpmann Gaarder.

På topp i regionen

Det er gode tider for matvareforretninga i Vrådal. Ei omsetningsauke på 11,7 prosent i 2012 viser at Kai Morten Gaarder og dei andre tilsette ved Jokerbutikken hadde regionens største omsetningsauke blant Joker-butikkane.

– I 2011 var resultatet på 19,7 millionar, i fjor blei resultatet 22 millionar kroner. Det er gledeleg at me tilsette får skryt kvar einaste dag for at frukt- og grøntavdelinga er så bra, det er godt utval av kjøt eller at folk nå stolar på at det er brød att i hyllene på ettermiddagen, seier Gaarder som takkar dei andre tilsette i verksemda for solid innsats.

– Dei er ekstremt flinke og bryr seg om butikken, og takk til kundane som er trufaste og brukar butikken, seier ein audmjuk sjef.

Joker i Vrådal høyrer til region Oslofjord som omfattar fylka Buskerud, Telemark, Vestfolk og Østfold.

– Greitt å sleppe til nye krefter

På den ekstraordinære generalforsamlinga i Vrådal handelslag AS onsdag kveld gjekk over 80 prosent av aksjeeigarane inn for at Kai Morten Gaarder skulle få kjøpe matforretninga som blei starta som ei stifting i Vrådal i 1904.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styret i Vrådal handelslag AS har vore inne på tanken om å selje butikken i fleire år, men før jol, då Gaarder sa opp stillinga som dagleg leiar, kjente styret det var på tide å prøve å få Gaarder til å bli i bygda og tilby han å få kjøpe verksemda.

Alternativet om sal blei gjort kjent for aksjonærane i slutten av november.

– Det var større oppmøte enn på tidlegare generalforsamlingar, og gledeleg at styret nå får fullmakt til å inngå kjøpsavtalen med den nye eigaren. Eg meiner også at det er ei god løysing at Gaarder leiger lokala inntil vidare, og at han har opsjon og forkjøpsrett på bygget, seier styreleiar i Vrådal handelslag AS, Gunnar Wraa.

Han fortel at det har kome mange positive tilbakemeldingar på planane.

– Og det handlar like mykje om Kai Morten, han er godt lika her og me ser at mange som har handla i andre butikkar nå er tilbake som faste kundar i Vrådal.

– Kva tenker du om at ein epoke er over, og at ein ny eigar tar over drifta?

– Det er sjølvsagt litt vemodig, men eg trur faktisk vrådølane som starta verksemda for 110 år sidan hadde syntest det var greitt å sleppe nye krefter til, seier Wraa.