Ordførar Bjørn Nome er godt nøgd med at meieridrifta på Molandsmoen er sikra ei framtid.
Ordførar Bjørn Nome er godt nøgd med at meieridrifta på Molandsmoen er sikra ei framtid.

Satsar på smørproduksjon i Fyresdal

Meierigründaren Dag Swanstrøm overtar Telemarkskyri Meieri i Fyresdal. I fyrste omgang vert det smørproduksjon for å skape volum og lønsemd. Seinare vert det aktuelt å ta opp att produksjonen av dei tidlegare produkta av mjølk frå telemarkskua.

Ordførar Bjørn Nome er stornøgd med at det vert aktivitet att i meierilokale på Molandsmoen. Han seier kommunen har skrive leigekontrakt med Dag Swanstrøm og selskapet hans Alvim. Så snart golvet i meierisalen er vølt, vil kinnemaskina kome i drift. Swanstrøm har også fått ei avtale med Sparebanken Sør som satt med pant i alt meieriutstyret i samband med konkursen sist haust.

– Me får no ein drivar av meieriet med inngåande kjennskap til meieridrift, og som sjølv har eige apparat for både distribusjon og marknadsføring. Eg trur ikkje det er mogleg å få ein betre mann enn Swanstrøm til å skape eit levedyktig meieri i Fyresdal, seier ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fylgje Swanstrøm er det smør marknaden etterspør i eit så stort volum at meieriet kan vere lønsamt. Telemarkskyri Meieri skal framleis vere namnet, men det vil verte kjøpt inn fløyte frå Tine for å ha råstoff nok til eit drivverdig smørvolum.

300 kilo smør dagleg

Etter kva VTB får opplyst er det mogleg med den tekniske utrustinga for smørproduksjon som står i meierisalen, å produsere 300 kilo smør dagleg som krev 3.000 liter mjølk. Marknaden vil avgjere om ein når dette volumet eller om det må investerast i nytt utstyr for å produsere endå meir smør.

Ordførar Bjørn Nome fortel at i fyrste omgang er det ikkje snakk om så mange arbeidsplassar, men at det vesle nisjemeieriet vonleg vil vakse og tilsette fleire.

Dei gamle produkta

– Kva med dei produkta det opphavlege Telemarkskyri Meieri utvikla og produserte?

– Swanstrøm er tydeleg på at han gjerne vil ta opp at deler av denne produksjonen når smørproduksjonen er oppe og står. Eg kjem til å kalle saman til eit møte med bøndene som har telemarkskyr, og drøfte vegen vidare for den gamle mjølkekurasen. Møtet vil eg ha i løpet av få dagar, seier ordførar Bjørn Nome.