Satsar stort i vakre Froland
Knut Rønningen og familien bur i Froland i Tokke. Dei driv med sauer og har sidan 2009 også hatt ammekyr. For tre år sidan byrja tanken om ein ny driftsbygning å forme seg. I løpet av tre månadar sist haust var bygget oppe og klart til bruk.
– Eg var komen til eit punkt der eg anten måtte slutte med ammekyr eller bygge nytt fjøs til dyra. Me bruka det gamle fjøset på Nordstoga, nabogarden me kjøpte i 2009, men det blei etter kvart for tungvint å drive der. Det var ikkje haldbart å vere der verken for kyrne eller meg, seier bonden på Midtstoga.
15 i grenda
Det bur 15 personar i Froland ifylgje Rønningen. Han hadde gjerne sett at fleire flytta til den vakre grenda mellom Mo og Botndalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er klart me ynskjer oss fleire fastbuande her. Tida vil vise om det blir noko av, smiler han.
I dag har Rønningen 26 ammekyr i det nye fjøset. Han har plass til 37. I tillegg har han 220 vinterfôra sauer heime på Midtstoga.
– Me hadde ikkje hatt plass til kyrne om me ikkje hadde fått kjøpt naboeigedomen, seier han.
Travle vårdagar og netter
Kalvinga er i full gang og så langt har 19 kalvar sett dagens ljos. Sju til er i vente.
– Det blir hektiske vårdagar med kalving og så sauelemming?
– Utan tvil, men jammen er det litt moro også, svarar han.
Det var i 2009 etter at han kjøpte nabogarden og bestemte seg for å drive med ammekyr i tillegg til sau at tanken om nybygg forma seg.
– Det gamle fjøset på Nordstoga var ikkje særleg eigna til ammekyr, og det var i kaldaste laget med tanke på kalvingstida. Men det er eit stort lyft å byggje nytt, så eg trur det var rett å bruke tid på avgjerda, forklarer han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nybygg på 1-2-3
I januar 2015 skreiv han kontrakt, og i løpet av dei tre månadane august, september og oktober stod det nye fjøset på 620 rutemeter klart.
– Det tok fem dagar å setje opp elementa og taket. Hyttefolk som køyrde forbi gjorde nokså store augo etter at det «plutseleg» dukka opp eit fjøs langs vegen, smiler Rønningen.
Stor investering – gode ordningar
Driftsbygningen kom på fire millionar kroner. Det var inkludert alt han hadde bruk for.
– Fire millionar var totalkostnaden. Eg fekk 300 000 kroner i tilskot frå Tokke kommune, og 650 000 kroner frå Innovasjon Noreg. I tillegg fekk eg rentestøtte, forklarer han.
– Det hadde ikkje gått utan desse tilskota og slik stønad, legg han til.
– Kva tenkjer du om at det i nabokommunen Vinje er vanleg med 600 000 kroner i tilskot til nye driftsbygningar?
– Eg vedgår at det er litt surt å vite at dersom eg hadde budd like borti lia her, så hadde tilskotet vore dobbelt så stort. Men ein må halde seg til realitetane, og me har no busett oss her av fri vilje, svarar Rønningen.
Han er glad for hjelpa han har fått av Tokke kommune, og ikkje minst av Nortura.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei var til stor hjelp i planleggingsarbeidet og prosjekteringa av driftsbygningen, seier han.
Ein god kombinasjon
Kombinasjonen av sau og ammekyr er midt i blinken, meiner Rønningen. Han har sakte, men sikkert auka talet på ammekyr.
– Eg angrar verken på at eg satsa på ammekyr og sau i kombinasjon, eller det nye fjøset. Prisen på storfekjøt er på veg oppover, så eg er optimistisk med tanke på framtida, fortel bonden.
Han veit at fleire tenkjer på å byggje nye driftsbygningar, men at det er verre å realisere tankane.
– Det nyttar ikkje å berre tenkje, ein må handle. Men sjølvsagt må ein tenkje seg litt om, seier han.