Seier nei til hyttetomt av omsyn av geiter
Planutvalsfleirtalet brukar den ferske beitebruksplanen som rettesnor.
Planutvalet i Vinje sa i onsdagens møte nei til ein søknad frå Vigdis Allum Svalastog og Tore Olav Svalastog om å dele frå ei tomt på ein landbrukseigedom på Bykleheia. Det blei vist til at Samastad fellesstøl for geit ligg berre om lag 600 meter unna den omsøkte tomta. I tillegg er området i omsynssona for villrein.
Det har vore varierande praksis i handsaminga av delingssøknader i nærleiken av stølar i kommunen. I 2009 vedtok eit delt planutval å gå mot tilrådinga til rådmannen – og gje løyve til frådeling av ei hyttetomt frå eigedomen. Det blei i saksutgreiinga til onsdagens møte vist til denne saka der argumentasjonen frå rådmannen var at ulempene for landbruket var for store til å godkjenne delingssøknaden. Nytt no er den ferske beitebruksplanen i kommunen, som skal gje ei heilskapleg forvaltning i beiteområde.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ytterlegare hyttebygging i området i nærleiken av Samastad fellesstøl vil då truleg vera i strid med beitebruksplanen, skriv rådmannen i saksutgreiinga.
På Samastad fellesstaul var det i fjor 195 mjølkegeiter fordelte på tre eigarar.
4-1
Arne Skogheim (H) var den einaste av dei fem medlemmene i plan- og miljøutvalet som ville seie ja til søknaden. Han meinte ei hytte til ikkje ville gje nokon store ulemper, og viste til at kommunen ikkje har registrert klager etter delingssaka i 2009.
– Som politikarar må me kunne gjera unntak og gje løyve til ei hyttetomt her, meinte Skogheim.
Ingerid Hayes (SV) var av ei heilt anna oppfatning.
– For meg er denne saka veldig enkel. Her må me ta omsyn til villrein og støl, svara Hayes, som var oppteken av at beitebruksplanen skal vera ein guide for kommunen.
Området ligg i LNF-området (landbruk, natur og friluftsliv) og ei frådeling er i strid med føresegnene for eit slikt område.
Om kommunen hadde sagt ja, måtte saka til Fylkesmannen for uttale.