Ian Parry-Jones (Sp) reagerer kraftig på utviklinga i skuleprosjektet i Treungen etter at kommunestyret vedtok utbygginga, og han meiner kommunen har drive med tillitsbrot overfor politikarane.
Ian Parry-Jones (Sp) reagerer kraftig på utviklinga i skuleprosjektet i Treungen etter at kommunestyret vedtok utbygginga, og han meiner kommunen har drive med tillitsbrot overfor politikarane.

Seier nei til meir skulebyggpengar

I Nissedal er det vedteke ei ramme på åtte millionar kroner til å byggje større småskule i Treungen. Sp vil ikkje gje ytterlegare 1,6 millionar til prosjektet. Partiets Ian Parry-Jones reagerer kraftig på den store sprekken og behandlinga av saka.

Nyleg er nissedalpolitikarane gjort kjent med at utvidinga av småskulen i Treungen vil koste 1,6 millionar kroner meir enn dei inntil åtte millionane som kommunestyret sist november vedtok som ramme, inkludert utgifter til innreiing og utearbeid. Ian Parry-Jones (Sp) reagerer på meirbehovet og at politikarane får saka fyrst nå, om lag to månader etter at det blei avgjort kven som skal få jobben.

– Administrasjonen har sete med informasjonen i to månader utan å ha informert politikarane. Me har hatt to kommunestyremøte og fire formannskapsmøte etter at anboda kom inn, så dette kunne administrasjonen handtert på eit mykje tidlegare tidspunkt, er reaksjonen til Parry-Jones etter at formannskapet hadde saka torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tillitsbrot

– Ein sprekk på 20 prosent på eit forholdsvis enkelt prosjekt før det er gjort eit spadetak, då er det nokon som har gjort eit alt for dårleg forarbeid. Det var fokus på bygget i 18 månader før saka kom til politisk handsaming og det blei vedteke ei ramme på åtte millionar kroner, fortset han.

Elles påpeikar Parry-Jones at rådmannen i formannskapsmøtet sist torsdag sa at dei fire fyrste månadene i år viser at kommunen har det trongt økonomisk.

– Då verkar ein auke på 1,6 millionar til skulebygget uforståeleg og det grensar til det uforsvarlege, seier Sp-politikaren.

Han har vore inne på det offentlege innkjøpsregisteret Doffin, der kommunen la ut invitasjon om å kome med anbod på skuleprosjektet.

– I summen på åtte millionar kroner er det ikkje tatt med 200 000 kroner til prosjektering, og heller ikkje det ein skal bruke på leikeapparat og inventar. Kommunestyret har vedteke at dette skal liggje inne i totalsummen. Når ikkje det er gjort gjer kommunen eit tillitsbrot overfor politikarane. Vidare står det i dokumentet på Doffin ein sum på åtte millionar kroner utan moms, men kommunestyret sa summen skulle vere med moms. Noko anna eg reagerer på er at kommunen brukte heile tre månader etter kommunestyrevedtaket på å leggje ut anbodet. Hadde dette blitt gjort lang tidlegare, kunne det ha gjort at fleire la inn anbod. Eg har nå bede kontrollutvalet sjå på heile skulebyggsaka etter den utviklinga ho har hatt, seier Parry-Jones.

Overraska

Overfor politikarane kunne ikkje administrasjonen gjere greie for alt rundt auken, men sa det blei ein sprekk på éin million kroner på det bygningsmessige. Formannskapet svara med å be om meir informasjon rundt auken når kommunestyret skal ha saka 15. juni, dagen før planlagt byggjestart ved småskulen.

Høgre, KrF og Ap med totalt fire røyster tilrår kommunestyret å seie ja til 1,6 millionar kroner ekstra.

– Eg er overraska over at dei fire andre i formannskapet synest det er greitt å gje 1,6 millionar kroner ekstra til utbygginga, utan at dei veit kvifor auken har kome. Eg ser fram til å få orientering i kommunestyret om grunnlaget for budsjettsprekken, seier Parry-Jones.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forsvarleg ramme

I formannskapet blei han nedstemt på forslaget frå ei samla Sp-gruppe om at utbygginga skal halde seg til vedteke ramme på åtte millionar kroner, og at ein må justere planteikningane for prosjektet.

– Ein må finne entreprenør som har lågare pris, eller justere byggjeprosjektet. Sp er veldig positiv til skuleutbygginga, men ein må gjere det innafor forsvarleg ramme, seier Parry-Jones.

Det kom inn to anbod på skulejobben, og Carl Erik Winther Larsen AS i Treungen fekk oppdraget. I formannskapet sa administrasjonen at det generelt er liten interesse for å kome med anbod på byggjeprosjekta kommunen har.