Seks vil bli ny regionrådsleiar
Mangeårig leiar i Vest-Telemarkrådet (VTR) Kjell Gunnar Heggenes, sluttar ved nyttår. Seks personar har søkt på jobben som blir ledig.
Etter utlysing av jobben har desse seks søkjarane meldt seg: Audun Østtveit, Bø, driv eige konsulentselskap. Håvard Jakobsen Ofte, Høydalsmo, Attføringssenteret i Rauland der han er rådgjevar og jobbar med forsking og utvikling. Frank Steinsvik, Kirkenær, kyrkjeverje. Johannes Rindal, Seljord, fylkessekretær i Oslo og Akershus Sp. Ole Dalen, Øyfjell, utviklingsleiar i VTR. Bjørn Otto Eliassen, Arendal, kundeansvarleg i Kitron AS, som driv med avansert elektronikk.
– Søkjarmassen kunne vore større, men det er nokon gode søkjarar her. Det blir ikkje tilsetting før etter sommarferien, seier regionordførar Erik Skjervagen.