Sel steinløyndom til USA
Mangel på arbeidskraft og lokal interesse for sliping av steinknottar er medverkande til at Norsk Stenprodukt i Treungen sel produksjonsline og forretningsidé til USA. Det betyr ikkje at verksemda blir lagt ned.
Norsk Stenprodukt har inngått avtale om sal av produksjonsutstyr og forretningsløyndom til O´briens Granite i delstaten Ohio i USA. Verksemda i Treungen skal i fyrste omgang levere ei maskinline for produksjon av møbelknottar og andre dreia og polerte småemne i stein.
Steinfabrikken beheld alle maskinene i Treungen. Etter teikningar frå dagleg leiar Kent Jensby Sørensen blir nye maskiner bygde i Tyskland før dei går til USA.
Artikkelen held fram under annonsen.
O´briens Granite har eksistert i 75 år og har 12-14 tilsette. Verksemda skal etter kvart betale Norsk Stenprodukt eit monaleg beløp for maskiner og verktøy til produksjonslina, og for å vite idéen om å utvikle steinvarene.
Sjusifra beløp
O´briens Granite må ut med eit sjusifra beløp som blir betalt i porsjonar for å vite løyndomen om produksjonen. Dessutan skal me ha ein viss del av omsetjinga til den amerikanske verksemda i ti år framover. Vidare får eg betalt for konsulentarbeid, seier Jensby Sørensen, utan å villa gå nærare inn på beløpa.
Han har mykje arbeid i samband med avtala i USA. Det er mellom anna laga ei heil kursbok med bilde.
Intensjonen framover er at den amerikanske verksemda skal overta all produksjon av dei omtala småvarene. Men før det skjer reknar steinfabrikken i Treungen med å ha levert 100.000 småprodukt til O´briens Granite.
Eg skal slutte å produsere den type knottar det er snakk om, fortel Jensby Sørensen.
Arbeidskrafta finst ikkje
Men produksjonen kunne ha halde fram i Treungen om lokale hadde tent på jobben.
Eg er skuffa over at Kviteseid arbeidssamvirke avdeling Treungen ikkje er interessert. Produksjonen hadde blitt verande i Treungen om dei hadde sagt ja til å kjøpe maskiner for produksjon. Arbeidet er lett og enkelt å forstå, seier Jensby Sørensen.
Dagleg leiar Jon Inge Nordbø ved Kviteseid arbeidssamvirke avdeling Treungen fortel at det er ei heilskapsvurdering som gjer at dei ikkje ynskjer å satse på tilbodet frå steinfabrikken. Elles er Nordbø veldig glad for at han har ein dialog om fagfeltet stein med Jensby Sørensen, når avdelinga jobbar innanfor dette området.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit par av årsakene til at USA overtek produksjonen av ein del småemne er vanskane Norsk Stenprodukt har med å finne arbeidskraft med kompetanse i tillegg til opplæringskostnadene.
Det finst nok noko arbeidskraft me kunne fått tak i. Men det går tri år før dei kan jobbe sjølvstendig. Dessutan veit me ikkje kor lenge me får behalde folk. Ein ting er mangel på arbeidskraft og at det generelt er for dyrt å produsere i Noreg. Men hadde me hatt ein arbeidsstokk som kunne betene maskinene, ville me tent godt med pengar. Men arbeidskrafta finst ikkje, seier Jensby Sørensen.
Me skal på ingen måte leggje ned produksjonen i Treungen, men visse typar produkt er for kostbare å lage her, avsluttar han.