Seljord-ordførar Solveig S. Abrahamsen (t.h.) truga med veto for å hindre ei fellesuttale frå Vest-Telemarkrådet om politireforma. I midten ordførar Torstein Tveito i Kviteseid og rådmann Hans Bakke i Kviteseid.
Seljord truga med veto i VTR
Det var tilløp til dramatikk i Vest-Telemarkrådet (VTR) tysdag då ordførar Solveig S. Abrahamsen (H) i Seljord truga med veto for å hindre at rådet gav ei uttale i samband med politireforma i regionen.
30. november i fjor gav Vest-Telemarkrådet fullmakt til regionordførar Anne-Nora Oma Dahle (Sp) om å lage ei felles uttale om ny politistruktur i regionen. Det har ho gjort, og tysdag skulle VTR drøfte uttala før ho vart send politimeisteren. Framlegget hennes konkluderte med at ein framleis ville ha lensmannskontor i kvar kommune, og at Vest-Telemark treng eit nærpoliti og ikkje eit såkalla aksjonspoliti.
Ordførar Solveig S. Abrahamsen (H) gjorde greie for at Seljord har drøfta politireforma i kommunestyret og sendt høyringsuttala si til politimeisteren. Seljord ynskjer to lensmannskontor i Vest-Telemark lokalisert til Åmot og Seljord og med ein politipost i Fyresdal.
– Dette er inga sak for rådet som ikkje har nokon formell status i høyringsprosessen. Eg er sterkt imot ei fellesuttale, og Seljord kjem til å legge ned veto om ikkje rådet legg saka bort, sa Solveig S. Abrahamsen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP